10 år etter at X-bow vart lansert, vart kontrakt på X-bow nummer 100 signert. Baugen er allereie ikonisk, og er avbilda i bakgrunnen på den nye 100-lappen frå Norges Bank.

No varslar Ulstein at dei kjem med nye idear og produkt.

Førre nedgangsperiode

– X-bow-løysinga vart utvikla i løpet av ei av dei siste tøffe periodane for offshoreindustrien, i 2003-2004, seier Ulstein Group sin konsernsjef, Gunvor Ulstein.

Den første blei gjort kjend i 2005 samtidig med kontrakten på det første fartøyet, eit ankerhandteringsskip for Bourbon Offshore Norway.

Tok kontakt

– Etter at reiarlaget hadde sett ei tidleg skisse på førstesida av eit magasin, tok dei kontakt og utfordra oss til å utvikle og presentere realiserbare idear om eit fartøy med ein bakoverliggjande baug. Dette innleidde ein periode med dedikert arbeid frå fleire aktørar, inkludert eit team av ekspertar frå Ulstein. Bourbon Offshore Norway trudde på den baugdesignen som oppstod frå denne utvekslinga av idear og tankar, då baugen ville eliminere slag frå sjøen, halde oppe fart i motsjø, beskytte dekksområdet i forskipet frå sjø og sjøsprøyt, og på same tid auke komfort og kvile for mannskap under transitt, seier Gunvor Ulstein.

Dei første tilbakemeldingane frå X-bow-skip kom frå det første fartøyet, Bourbon Orca, og det var kokken som melde inn:

– Eg treng ikkje å ringe kapteinen og få han til å redusere farta medan eg førebur middagen. Pannene held seg på plass på omnen.

Les også:X-bow på Discovery Prestisjepris til UlsteinbåtSeks nye til UlsteinFredriksen med X-bow

Tid er ofte ein flaskehals

– Innovasjon er ein sentral strategi i Ulstein Group, kommenterer visekonsernsjef Tore Ulstein, som er leiar for Marknad og Innovasjon i Ulstein.

– Det å tenkje utanfor boksen og utfordre aksepterte løysingar kan drive utviklinga vidare. Ei utfordring vi alle møter er å legge til rette for meir radikale endringar. Tid er ofte ein flaskehals når det gjeld å satse på nyskapande arbeid i gode tider. På ein måte kan tøffe tider vere bra i periodar, då det gir rom for kreativitet, seier Tore Ulstein i ei pressemelding.

Inviterer

– Betyr dette at de har nye ting rett rundt hjørnet. Eller inviterer de no andre til å kome med idear?

– Begge delar. Basert på erfaring frå tidlegare veit vi at det å utfordre det eksisterande er viktig, spesielt i nedgangstider. Vi køyrer eigne prosessar der vi utfordrar det eksisterande. Og vi ser at mange med andre perspektiv kan ha vel så mykje å kome med som vi sjølve. Dei er ikkje låst i eksisterande tenking, det skaper ofte ein dynamikk som gjer at ein får fram fleire og meir spanande og gode idear, seier Tore Ulstein til Smp.no.

Denne veka

Samtidig varslar han at Ulstein Group kjem med nyheiter på den store skipsmessa Nor-Shipping i Oslo denne veka. Måndag ettermiddag er Tore Ulstein på veg dit.

– Du skal ikkje sjå bort frå at vi kjem med litt nye idear og tankar på Nor-Shipping, idear som mange synest kan vere provoserande. Denne messa er ei fin anledning til å sleppe nyheiter, seier Tore Ulstein til Smp.no.

Nominert

Til Nor-Shipping er Ulstein si akterløysing X-Stern, inspirert av X-Bow, nominert i klassen «Neste generasjons skip». I same klasse er også Lade As sitt vindskip nominert.

Kandidat til Nyskaparprisen er Uptime International AS frå Ålesund med sin gangveg for offshore-fartøy. (Smp+)