Dette seier den svært erfarne brannmannen og brannsjef Roy Inge Heltne i Volda.

Han var den som sist onsdag sende ein fullasta tankbil med mannskap til Vartdal for å hjelpe mannskapa der.

Dei stod rådlause etter at ein brannventil i vassnettet svikta, og der det ikkje fanst anna sløkkjevatn.

– Eg vil tru problemstillinga er temmeleg lik for bygdene våre, både i Ørsta, Volda og truleg dei fleste andre bygder. – Til lenger vekk frå sentrum – og frå sjø og vatn – til større er faren for at ein bygningsbrann endar med totalskade, konstaterer Roy Inge Heltne.

Han legg til at dette er ein velkjend og gammal problematikk.

Må kontrollerast

– Kva meiner du kan gjerast?

– Det er teknisk avdeling i kommunane og dei mange private vassverka som har ansvaret for at forsyninga til brannvernet fungerer.

– Svikten i ein brannventil på Vartdal gjer synleg at alle slike bør kontrollerast. Dei må anten setjast i full funksjon, eller så bør dei umiddelbart nullast ut frå alle våre beredskapskart og planar, insisterer Heltne.

Han opplyser at det berre er i tettbygd strøk, der det er minst 250 hus og med ein maksavstand på femti meter, at det vert stilt heilt konkrete krav til hydrantar og vassforsyning.

Spesialkunnskap

I Volda og Ørsta vil dette gjelde berre dei to sentrumskjernane. Difor kan ein ikkje støtte seg på formelle krav for å få auka forsyninga utanfor sentrum, seier Heltne. Han fortel at Volda brannvern i mange tilfelle har redda situasjonen takka vere spesialkompetansen mellom mannskapa.

– Bygdebrannverna våre har ein heilt spesiell lokalkunnskap. Hos oss i sentrum har det vore ein enorm fordel at mange av mannskapa også er tilsette i tekniske avdelingar i kommunen. Dermed sit dei inne med den fremste spisskompetanse, seier Heltne.

I dag vert tankbil frå grannebygda kalla ut straks, ved mistanke om vassmangel på brannstad.

Skal granske svikten

Han seier det vil vere heilt uråd å sikre sløkkjevatn til alle på bygdene.

– Større fokus på førebyggjande brannvern, detektorar og varsling er difor det viktigaste ein kan gjere, trur han.

Ordførar Stein Aam i Ørsta seier kommunen umiddelbart set i gang arbeid med å granske svikten på Vartdal.

– Vi skal kartleggje og vi skal snarast gjere det vi kan også ute på bygdene våre, seier han.

I november 2016 måtte brannmannskapa frå Volda sjå at mange tusen verpehøns brann inne på Kornberg. Med lang avstand til sjøen fanst ikkje alternative vasskjelder. Foto: Sindre Kvangarsnes
På Vartdal måtte brannmannskapa drage på flate slangar under husbrannen sist onsdag, etter at det ikkje fanst alternative vasskjelder. Sidan 70-talet har det vore eit tett samarbeid mellom brannverna i Ørsta og Volda. Foto: Knut Arne Aarset