Sjå live-sending over frå møtet mellom Stordalen og dei tilsette

Petter Stordalen og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam møtte måndag formiddag arbeidarane ved Kleven-verftet i Ulsteinvik.

Både riksmedia og lokalpresse møtte opp for å følgje besøket til dei nye aksjonærane i skipsbyggjarkonsernet. Forretningsmannen Petter Stordalen var som vanleg i energisk humør og hadde ikkje noko problem med å lyfte stemninga i kantina på Kleven.

Petter Stordalen møtte til tilsette på Kleven for «opa scene» med pressa til stades. Foto: Staale Wattø

– Nokon har forsøkt å seie at dette er ein redningsaksjon. Dei tek heilt feil! Vi investerte i Kleven fordi vi trur på dokke, sa Stordalen og fekk stor applaus frå dei tilsette.

Han trakk fram kunnskapet til dei tilsette i konsernet - men også viljen både hos dei tilsette og Kleven-familien til å satse pengar - som avgjerande.

– Dokke var villige til å ofre tid - og pengar. Det overtydde meg, sa Stordalen.

Les også: Låner 24 millionar av dei tilsette (for abonnentar)

Har satsa på automatisering

Stordalen påpeika at suksess ikkje handlar om talent eller flaks.

– Det handlar om gjennomføringskraft. Det handlar om å tørre å gjere ting annleis, som konkurrentane ikkje har gjort. Og derfor er dette Norges mest moderne verft, sa han.

Kleven var tidleg ute med å «flagge heim» stålarbeidet i skipsbygginga. Resultatet er mellom anna at dei to hurtigruteskipa som no tek form på verftet, blir bygd vel hjelp av med avansert robotteknologi.

(saka held fram under)

– Tesla-revolusjon på sjøen

Etter at Stordalen hadde gått langt utover si tilmålte tid, tok Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam over og fortalde korleis dei såg føre seg eigarskapen i Kleven. Han fortalde at dei ville ha med seg Kleven og resten av den maritime klynga til å gjere ein «Tesla-revolusjon» på sjøen - og at dei tenkte langsiktig.

– Eg er overtydd om at verden står for Kleven sine dører framover, sa Skjeldam.

Petter Stordalen og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam ankom verftet. Foto: Staale Wattø

Då det var klart for spørsmål frå salen, blei dei sunnmørske arbeidarane smått tilbakehaldne, men etter at Stordalen hadde lokka med ein gratis weekend på hotell, fekk han eit spørsmål.

– Blir det meir enn fire skip, ville ein vite.

Hurtigruten har som kjent to ekspedisjonsskip under bygging ved verftet, og har opsjon på to skip til.

Bildeserie: Sjå teikningar av dei ny Hurtigruten-skipa

Skjeldam svarte at han håpa på at Hurtigruten ville bygge «mange fleire skip» ved Kleven, og peika på at mindre cruiseskip var ein sterkt veksande marknad.

Eig kring 40 prosent

Stordalen og Skjeldam representerer aksjonærgrupperinga som no kontrollerer kring 40 prosent av aksjane i det tidlegare familieeigde konsernet.

Kleven er i full gang med å bygge dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten -  MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen - og Stordalen var i fyr og flamme over det han hadde sett i «robothallen» der skipa blir bygd.

Skipa blir dei første av denne typen som får hybrid framdriftsmaskineri.

Petter Stordalen og Kjersti Kleven på Kleven måndag. Foto: Staale Wattø
Petter Stordalen lyfta stemninga i møtet med dei tilsette i kantina. Foto: Staale Wattø