Dersom dette skulle bli den rådande politikken, så vil det bli veldig dyrt for dei som betaler renovasjonsavgift og det vil gje auka klimagassutslepp. Eg vil minne om at det viktigaste som vi kan gjere no er å hindre CO2-utslepp til atmosfæren slik at atmosfæren unngår ein ukontrollert og irreversibel oppvarming.

Gjenvinning av ressursar

Generelt bør vi bruke så lite som råd av ikkje-fornybare ressursar og vi bør nytte alt som er praktisk gjenvinnbart. Avfallsproduksjonen i eit moderne samfunn er altfor stor, og auken kjem i stor grad frå bruk av eingongsemballasje til matvarer og forbruksartiklar. Primærfokus for oss alle bør derfor vere å kjøpe maten vår minst mogeleg emballert og deretter ete opp alt vi kjøper.

På medieområdet går det rett veg. Vi les stadig mindre papiraviser. Dersom vi alle i tillegg kan sette opp eit nei takk skilt for uadressert reklame på postkassa, så kan vi på litt sikt eliminere blådunken og dermed fjerne mykje kostnader og klimagassutslepp som kjem frå transport og innsamling av papir.

Eit mo

Sjølv om vi alle er flinke til å tenke gjenvinning så lever vi i eit moderne samfunn og slik ønskjer dei fleste av oss å leve framleis. Eit slikt samfunn vil produsere ein del avfall som vi må destruere og gjenvinne som energi. I Ålesund har vi lenge hatt eit stort forsprang på miljøområdet ved at vi for 30 år sidan slutta med avfallsdeponi og starta forbrenning på Grautneset. I tilfelle nokon skulle tru at EU ligg langt framme på miljøområdet så har dei enno ikkje innført forbod mot avfallsdeponi. Energigjenvinningsanlegget på Grautneset er den viktigaste miljøverksemda på Sunnmøre som vi alle bør vere stolte av. Den handterer alt restavfall på ein kostnadseffektiv måte i tråd med alt gjeldande regelverk i Norge og EU.

Kortreist avfall er det beste

Avfallssortering og avfallsgjenvinning må tilpassast regionale forhold. Det bør ikkje vere den same løysinga for avfallshandtering i Oslo som det er i Dalsbygda i Norddal. Det er fornuftig å ha utsortering av matavfall i Oslo for så å lage biogass av dette, og få spreidd bioresten som naturgjødsel på korngardane på det sentrale Austlandet. Her er det store mengder som det kan forsvarast å lage dedikerte logistikkløysingar for. Det er kanskje ikkje like lurt å samle inn små mengder matavfall i Norddal, for så å køyre det til Ålesund for omlasting, for deretter å køyre det til Sverige for å lage biogass.

Klima- eller fosforrekneskap

Det blir påstått at vi må gjenvinne alt matavfall fordi verda er i ferd med å gå tom for fosfor, og vi må resirkulere alt matavfall fordi det inneheld 3 promille med fosfor. Det globale selskapet Yara som er verda sin største foredlar av fosfor til kunstgjødsel seier at det er rikeleg tilgang på mineralsk fosfor, og at det er nok fosfor i jordskorpa. Fosforstein som inneheld 70 % fosfor blir handla på verdsmarknaden for 600 kroner per tonn. Dette er billigare enn kol som blir handla for 750 kr/tonn. Det er ikkje noko prissignal som tyder på fosformangel.

I Molde har dei ikkje Grautneset. Dei har sortert ut matavfall i mange år. Dei sender no matavfallet sitt til Linköping i Sverige fordi svenske biogassanlegg har vunne konkurransen som offentlege aktørar alltid må lyse ut.

Ved å sende eit vogntog med 25 tonn matavfall frå Ålesund til Linköping så vil ein kunne gjenvinne 50–75 kg fosfor. Ein slik transport vil sleppe ut 1,1 tonn CO2. Dersom vogntoget ikkje får returtransport og må køyre tom tilbake, så vert klimaregnskapet enno verre med nesten 2 tonn CO2-utslepp på turen. I ei verd der vi må redde klimaet raskt så høyrest det lite klokt ut å sleppe ut så mykje klimagass for å gjenvinne små mengder fosfor.

I nokre område vil det vere rett å lage biogass som kan oppgraderast til biometan fordi dette kan brukast som drivstoff til køyretøy. Også elektrisitet kan brukast til drivstoff og då med mykje større verknadsgrad.

Omdanning av energien i avfall til biogass eller til varme gjennom forbrenning, er begge kurante metodar for at samfunnet kan gjere seg nytte av energien i avfallet. Om ein skal lage biogass eller varme er avhengig av kva anlegg ein har i nærleiken. På Sunnmøre har vi eit energigjenvinningsanlegg, men ikkje eit biogassanlegg.

Vegen vidare

Det at mange andre kommunar sorterer ut matavfall, er ikkje eit godt nok argument for at vi skal gjere det. Storbyen Bergen har valt å utsette slik utsortering. Dei har heller ikkje eit biogassanlegg som kan ta matavfall i dag, men dei har energigjenvinningsanlegg.

Vi bør vurdere å sortere ut matavfallet dersom det kjem eit biogassanlegg i fylket vårt eller når det finst utsleppsfrie transportløysingar til å transportere avfallet lenger. Fram til då kan vi alle fokusere på i frigjere plass i papirdunken slik at matavfallet kan gå dit når vi ikkje lenger treng å bruke den til papir.

Det er lenge før det kjem eit krav frå EU om utsortering av matavfall. Når dette kjem så bør vi finne ei løysing som både er kostnadseffektiv for innbyggarane, klimavennleg og som legg igjen verdiskapinga i vår region.