Statsråd Bent Høie (H) fekk høyre frå ordførarar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord om kvifor dei ønskjer å behalde akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Det var Volda-ordførar Jørgen Amdam som først fekk ordet av ordførarane.

Han peika på at regionen har vekse seg til å bli om lag 70.000 innbyggjarar, og at Høie må ta omsyn til dette når han snakkar om befolkingsgrunnlag. I sjukehusplanen er det rekna eit grunnlag på 42.-45.000 til Volda.

Høie: – Dette skal ikkje avgjerast frå eit kontor i OsloSjå video: – Fjern fylkes- og foretaksgrensene

Bildeserie: Ministerbesøket i bildeLes også: Fastlegar slår ring om akutten i Volda

(les meir under bilde)

Store frammøte Mange ville seie meininga si om sjukehusplanen då statsråd Bent Høie kom til Volda. Foto: Knut Arne Aarset

– Volda einaste alternativ

– Alle ordførarar har éin plikt og det er å ivareta sikkerheita til sine innbyggjarar, sa ordførar Jan Ove Tryggestad frå Stranda, og trakk også fram behovet for fastlandssamband nordover via Hareidlandet.

– Storfjorden er ein fysisk sperre til Ålesund. Volda er vårt einaste alternativ, la han til.

Stranda-ordføraren trakk også fram krav i samband med Åkneset, og scenariet om å evakuere kring 10.000 menneske.

Stryn-ordførar: – Større avstand

Sven Flo (H) ordfører i Stryn sa avstand, kvalitet og tilgjengeligheit er det viktigaste for dei. Han viste til at det er betydeleg skilnad i reisetid til Førde og Ålesund, framfor Volda.

– Vi har sjukehuset i Eid med gode tilbod. Men snakkar vi om akutt- og fødetilbod, er det Førde vi snakkar om - i tillegg til Volda, sa Flo.

Han viste til at ein ikkje alltid kan stole på helikopterberedskapen, og at tryggeste veg for nordfjordingar, er Kvivsvegen til Volda.

Flo understreka at det er mange menneske som ferdast i området, og at dette er noko Høie må ta med seg for å sjå på pasientgrunnlaget for Volda.

Høie: – Grensene ligg fast

Ordførar Stein Aam i Ørsta trakk fram grensene mellom helseføretaka - som Høie meiner ligg fast.

– Er det logikk i fritt sjukehusvalg og at føretaksgrensene ligg fast, ville han vite.

– Fritt sjukehusvalg er planlagd aktivitet. Akutt og føde er noko anna, svara Høie, og viste til behovet for planlagt beredskap.

Statsråden kunne ikkje svare på kva som skjer om kommunane slår seg saman med kommunar i Sogn og Fjordane (Helse Førde).

Hareid-ordførar Anders Riise, som også leiar Sunnmøre regionråd, påpeika at rådet støttar kravet om akuttkirurgi i Volda.

Riise trakk fram at det ikkje er beredskapsferje over Storfjorden, men sa også at han meinte sjukehusplanen i hovudsak var god.

Høie: – Omfattande arbeid

Helseministeren sjølv trakk fram to ting ved starten av møtet:

– Planen er blitt til ved eit arbeid over to år der vi har vore rundt i heile Norge med ekspertgrupper. Fagfolk og pasientar har vore med å utvikla dette.

– Det som kanskje er nytt no, er at det å ha ein desentralisert sjukehusstruktur er ein del av løysinga framover, sa Høie og peika på samansetning av befolkninga og behovet for sjukehustenester i framtida.

To tema

To tema har vore sentralt i sjukehustilbod, påpeika han. Det eine er fødetilbod og det andre er akuttilbod. I denne omgang er det først og fremst eit val om korleis akuttkirurgi skal organiserast - sett i lys av sentraliseringa av fagmiljøet, sa Høie.

Han trakk linjene tilbake til NOU-utreiinga «Hvis det haster».

– Vi er veldig tydelege på at vi står framfor eit val: Anten kan vi velje å seie at vi kan ha sjukehus i Norge som er akuttsjukehus - utan akuttkirurgi. Om vi stiller eit krav om at alle akuttsjukehus skal ha akuttkirurgi, vil vi nok stå framfor ei betydeleg sentralisering av akuttkirurgien av akuttilbodet i Norge. Og det meiner vi er ein feil utvikling, sa Høie.