Det meiner Arvid Furseth, ein av naboane til Vaksvikfjellet. Han og fleire har sett seg leie på at snarvegen mellom Vaksvikfjellet kapell og kommunegrensa til Vestnes forfell.

Store høl

Saman med Furseth har Sunnmørsposten køyrt vegstubben på eit par kilometer fram til kommunegrensa mellom Ørskog og Vestnes. Store høl og djupe vassrenner gjer at bilistar må køyre slalåm mellom hola. Nokre stader er vegdekket vaska ut. Andre stadar stikk bergnabbar opp.

– Eg meiner kommunen anten må stenge denne vegen eller ruste han opp. Ein kan ikkje vere kjent av ein slik veg, seier Furseth.

– Blir vegen mykje nytta?

– Ikkje slik han er no. Det er heller ikkje tilrådeleg å køyre her. På Vestnes-sida er det annleis. Vestnes kommune rusta opp vegen for nokre år sidan, og det skaper aktivitet til området. Vestnes held vegen også open om vinteren, seier Furseth.

SKILNAD Straks ein passerer grensa til Vestnes blir vegen svært mykje betre. Vi går frå holer til jamnt dekke. Vestnes held også vegen open på si side om vinteren. Foto: Johan Behrentz

Opner fjellet

– Kva nytte kan det vere av vegen?

– Det vil opne fjellet for turfolk. Dette er også ein god snarveg til og frå Tresfjorden for folk som bur i indre fjordstrok. Det er ein naboveg vi må ta vare på. Blir vegen køyrbar, kan det også utløyse aktivitet på Vaksvik-sida. Det er til dømes eit større regulert hyttefelt på Vaksvikfjellet som venar på bli bygd ut, meiner Furseth.

Fylkesveg 102, som går frå Vaksvik til det tidlegare sportskapellet på Vaksvikfjellet, er asfaltert. Vidare derifrå er det gruslagt kommunal veg til kommunegrensa mot Vestnes. Særleg ille blir vegen når han passerer skiftet til bomvegen mot Grytaliseter.

Les fleire nyheiter frå Nordre Sunnmøre på smp.no

Ingen penger

Store høl og djupe vassrenner gjer at bilistar må køyre slalåm mellom hola. Nokre stader er vegdekket vaska ut. Andre stadar stikk bergnabbar opp. Foto: Johan Behrentz

Rådmann Synnøve Vasstrand Synnes i Ørskog er samd i at vegen ikkje ser bra ut, men kvart år blir det lappa på han. Det ligg ikkje føre planar om ei grundigare opprusting av vegen.

– Skal arbeidet gjerast grundig, må ein grøfte, bytte ut banedekket og gruse opp på nytt. Det vil truleg koste fleire millionar kroner. Det er pengar som kommunen ikkje har i dag, meiner rådmannen. Ho minner om at kommunen har hamna på fylkesmannen si Robek-lista og at ein difor ikkje lenger har den økonomiske frodomen ein elles ville ha hatt.