Fiskeriminister Per Sandberg har varsla at det vil kome ei melding til Stortinget om det framtidige systemet for fiskekvotar og fiskeripolitikken som vert ført i Norge.

I Stortinget er det semje om at sjømatnæringa er ei av dei viktigaste næringane i landet, som sikrar nasjonal verdiskaping og sysselsetjing.

Men samtidig vil eit fleirtal hindre Regjeringa i å utøve ein politikk som legg til rette for meir bearbeiding og verdiskaping av det norske råstoffet.

Nettopp difor har Sjømat Norge lenge etterlyst ein brei politisk debatt om rammevilkåra for fiskeindustrien.

I torskefiskeria går ein stadig større del av fisken ubearbeidd ut av landet.

I 2016 blei 44 prosent av kvantumet av torsk eksportert som sløyd og hodekappa fisk.

Når bearbeidingsgraden går ned, blir også den nasjonale verdiskapinga av fisken redusert.

Ei utvikling der fiskeindustrien opplever at ein stadig større andel av den norske kvoten ikkje blir gjort tilgjengeleg for norsk industri verkar ikkje i rett retning.

Dette slår ikkje minst hardt inn for klippfiskindustrien på Sunnmøre, som alltid har vore ei sterk kraft i den norske sjømatnæringa.

Stortinget gir i dag fiskarane ein eksklusiv rett til å hauste av fellesskapet sine ressursar, gjennom retten til å eige kvotar, retten til å fiske desse og til sist retten til å fastsette korleis ein skal kunne omsetje fisken og til kva pris.

Gjennom strukturelle endringar på fartøysida har vi fått større reiarlag og konsentrasjon av kvoterettar, noko som har gjort det interessant for reiarane å gå direkte ut i marknaden med eigen fisk.

Medan dei eksklusive rettane til reiarane tidlegare stoppa på kaikanten ser vi no ei utvikling der kvoteeigarane utnyttar fortrinna sine som råstoffeigarar og strekker desse privilegia vidare ut i verdikjeda.

Ein stadig større del av norske fiskeressursar blir dermed ikkje tilbydd norsk fiskeindustri, men blir eksportert ubearbeidd av kvoteeigarane.

Havfiskeflåten har etablert eigne salsselskap og eksporterer eigen fisk.

Til ei viss grad kan det same seiast å skje innanfor kystfisket.

Stadig fleire kystreiarlag etablerer verksemder på land, der fisken blir eksport ubearbeidd ut av landet.

I eit forsøk på å jamne ut dei openberre konkurranseulempene for den tradisjonelle fiskeindustrien gav Regjering i desember den tradisjonsrike og familieeigde fiskeindustribedrifta Gunnar Klo AS i Vesterålen løyve til å ha majoritetseigarskap i eit kystfiskefartøy. Dette skjedde gjennom ein dispensasjon frå det såkalla «aktivitetskravet» i deltakarlova.

Dette vakte sterke reaksjonar både i fiskarorganisasjonane og i Stortinget, og blei framstilt som eit ran av kyst-Norge.

Sjømat Norge meiner det er svært uheldig at det blir slått politisk mynt på ei sak som handlar om like konkurransevilkår og råstofftilgang for fiskeindustrien.

Vi har fått ein ulik konkurransesituasjon i fiskeindustrien, der dei fiskareigde selskap har klare fortrinn ved å ha sikker tilgang på råstoff. Ved at reiarlag på den måten overtek eigen fangst blir det også mindre «fritt» råstoff tilgjengeleg og den tradisjonelle industrien taper i råstoffkampen.

I debatten om framtidige rammevilkår for fiskeflåten og fiskeindustrien må politikarane akseptere at det finnast andre legitime interesser enn dei som tener fiskebåtreiarane, og ein må leggje til rette for ein politikk som faktisk fører til meir bearbeiding og verdiskaping av råstoffet i Norge.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Men: Vi treng ikkje ei ny Stortingsmelding der ein nok ein gang gir inntrykk av å vere opptatt av rammevilkåra for å drive industri, for å sikre bedriftene stabil og sikker råstofftilgang, men der ein ikkje er villig til å sjå på korleis dei eksklusive rettane til fiskarane er i ferd med å årelate den tradisjonelle og verdiskapande fiskeindustrien langs kysten.