Dette seier hovudforkjempar frå sunnmørssida for midtre linje, Odd A. Folkestad. Han representerer Ferjelista i Volda kommunestyre og har stått på seint og tidleg for å løfte fram det fortreffelege med midtre linje som ein betre regionutbyggjar enn indre linje.

– Viss du spør meg om eg er skuffa i kveld, så er svaret eit klart og tydeleg ja. Men det er du som fortel meg om avgjerda her og no, og eg må nesten ta forbehold. Var det Aftenposten som var sitert, ja så fryktar eg det er slik, resonnerer Folkestad. Han er likevel snar til å snu på flisa.

– Og når dei åra er omme, kan mykje ha skjedd til fordel for midtre, trur Folkestad.

– Då må vi også få halde opp E39-status på ferja Volda – Folkestad, krev Folkestad.

– Men Kvivsvegen har alt fått dei nye E39-skilta på plass, og siste biten vert opna no til helga?

Som etter å ha fått tenkt seg endå litt om, karakteriserer regjeringa sitt ferskje vegval som «i grunnen eit enormt vonbrot».