– Vi har jo ei god luke no på sju poeng. Men skulle Bergsøy slå oss fredag er det heilt ope igjen. Den kampen blir naturleg nok viktig for begge lag. Vi reknar med både Bergsøy og Volda har ambisjonar om opprykk, seier Sander Håskjold Nyland, ein av trenarane til Hødd 2.

Få oppdatering frå torsdagens kampar:18.30:  Langevåg–Hareid 18.30:  Larsnes/Gursken–Godøy.

Både i Volda og i Herøy er dei nok spente på kva lag Hødd vil mønstre i 4.-divisjon denne hausten. Men Hødd 2 stilte ikkje så stabile lagoppstillingar i vår som resultata deira skulle tilseie.

– Tidleg i sesongen hadde vi jamt med fire a-lagsspelarar per kamp. Så var det eit par gonger vi hadde med endå fleire, som då vi møtte Hareid. Mot slutten av våren hadde vi oftast med færre frå a-laget. Det hadde jo både med slitasje og karantene å gjere. Men også at nokre av dei som spelte fast hos oss tidleg i sesong anten spelte seg inn i startellevaren til a-laget eller fekk mykje speletid der, som Eirik Haugan, Eirik Saunes og Andreas Breimyr, forklarer Sander Håskjold Nyland.

I sjølve Hødd 2-stallen er det få forandringar i høve vårsesongen. Ingen sentrale spelarar flyttar vekk grunna skulegang eller liknande. På plussida er Daniel Haanes tilbake igjen etter å ha spelt 4.-divisjonsfotball i Skavøypoll i vår.

Bergsøy tenkjer ikkje opprykk

– Vi hadde inga uttala målsetjing om opprykk før sesongen. Vi sa vi skulle vere med og kjempe i toppen. For årets juniorstall er såpass bra som han er viser jo både resultata i NM (rauk mot Molde etter straffespark-konkurranse) og Skaw-cup (bronse). Men sjølv om vi leiar divisjonen med god margin er det ikkje slik at opprykket allereie er klart. Det kjem mange tøffe kampar for oss i haust, varslar trenar Nyland.

Og den første av dei kjem allereie fredag: Heime mot næraste opprykksutfordrar Bergsøy. Det skil sju poeng mellom dei to Søre-rivalane.

– Det ser veldig bra ut med oss akkurat no. Men opprykk? Vi er jo med og kjempar om det så lenge vi kan. Vi går aldri ut på ei bane med anna innstilling enn å vinne. Men om det ikkje skulle bli opprykk? Ingen problem for oss. Prosjektet vi held på med no er uansett langsiktig, der vi no held på bygge opp eit ungt og lokalt lag. Å hente inn fem-seks semiprofesjonelle spelarar berre for å rykke opp er eg ikkje for, fortel Bergsøy-trenar Toni Sandanger.

Nokre inn, nokre ut

Han er godt nøgd med spelarstallen ha har. Jørgen Winjevoll har meldt overgang frå Ørsta. Og tidlegare gode lokale bidragsytarar som Daniel Sandvik og Stian Zahl ser ut til å kunne bli med i haust. Kanskje kan også Joachim Magnussen vere med igjen. Han bur i Ulsteinvik og jobbar i Ålesund, men Bergsøy har ikkje gitt opp å finne eit opplegg som kan passe for den tidlegare Hødd-toppscoraren. Det kan også hende Bergsøy får inn ein spelar eller to på lån frå Hødd. På minussida har både Eirik Heltne (Oslo), Roar Amundsen (Valdres) og Sander Ulfstein (Bergen) flytta.

– Men vi har hatt ein god treningssommar. Mellom anna var vi på treningsleir i Notodden. Vi møtte 2.-divisjonslaget deira i ein treningskamp, og då stod det 1–1 til pause. Vi er i det heile eit lag som er godt trena, noko ein må vere i min måte å spele fotball på. Vi har trena fem økter i veka sidan januar. Testane viser at vi har auka kondisjonsnivået med 16 %. At vi har ein god del å gå på har vi også sett i fleire av kampane, seier Toni Sandanger.

Ifølgje Bergsøy-trenaren har vårsesongen deira eigentleg gått over all forventing. Sandanger trudde det skulle ta lengre tid å bygge opp eit nytt og yngre lag. Men han vil ikkje av den grunn snakke laget sitt inn i opprykkskampen. Skulle Bergsøy tape fredag er Volda det einaste laget som realistisk sett kan kjempe med Hødd 2 om opprykket.

– Vi har alltids eit håp om å ta igjen Hødd. Men først og fremst skal vi tenke på å forbetre oss sjølve no i haust. I vår sleit vi med å avgjere kampar til vår fordel. Vi spelte for mange uavgjorte kampar, seier Volda-trenar Dagmund Evebø.

Skundar seg sakte

Christoffer Bjerknes har flytta til Oslo, medan ein spelar som Tommy Malins truleg må gjennom ein tommel-operasjon. Elles håper Evebø at Ole Kristian Høydal (som nesten ikkje har spelt i år) og Isak Husøy (skadd i omtrent to år) kan bidra igjen. Torgeir Olsen har vendt tilbake til Spjelkavik IL, der han har fått seg fulltids jobb, som Sunnmørsposten skreiv tidlegare denne veka. Men som spelar står Olsen truleg i Volda ut året. Enkelte vil kanskje hevde at Volda har ein stor fordel kontra andre lag i at dei kan hente inn ein del studentar på hausten. Men Dagmund Evebø har ingen planar om å ta med seg penn og ein bunke overgangsskjema på høgskulen med det første.

– Alle har lyst til å bli gode så fort som mogleg. Men vi må bygge opp både organisasjonen og klubben. Då kan ikkje vi hente inn studentar som kanskje berre er her i ti månader. Då er det betre at vi satsar på våre eigne unge spelarar. Ikkje alle kulla våre har vore like gode. Men no har vi eit par-tre solide på 17–18 år som kjem opp, i tillegg til mange spennande spelarar i alderen 15 til 17 år. Så skal vi eventuelt hente inn studentar så må vi vere selektive. Det må vere seriøse spelarar som blir her ei stund, forklarer Volda-trenaren.

Volda opnar 4.-divisjonshausten med bortekamp mot SIF. Og må nok vinne den for å halde liv i opprykksdraumen.

– Men om Hødd 2 slår Bergsøy denne runden så skal det mykje til for at dei ikkje rykkjer opp. Samtidig vil eg jo tru at Hødd diskuterer internt korleis dei vil bruke andrelaget sitt. Å ha lag både i 2.-divisjon og 3.-divisjon eventuelt vil jo vere krevjande, vurderer Dagmund Evebø.

Rollon vil klatre

Det er altså Hødd 2 (31), Bergsøy (24) og Volda (22) som kan ha moglegheit til å ta opprykket i haust. Det er berre eitt lag som går opp. Det er ingen kvalifiseringskampar på dette nivået. Resten av laga kjempar om å halde seg oppe i 4.-divisjon. Det ser ut som AaFK 2 blir einaste sunnmørslag ned frå 3.-divisjon. Dermed skal to lag ned frå 4.-divisjon (og dermed også to ned frå 5.-divisjon). Ingen av dei resterande ni kan derimot føle seg trygge. Klart, Larsnes/Gursken og Hareid, to lag som overraska positivt i vår, har begge 16 poeng og eit litt betre utgangspunkt enn dei andre. Men det er berre ni poeng frå Larsnes/Gursken på fjerdeplass og ned til Langevåg på sisteplass – og berre fem frå SIF på sjetteplass og heilt ned. Nokre er kanskje overraska over at det er fem lag frå Søre Sunnmøre som ligg øvst i 4.-divisjon, medan fleire bylag slit lengre nede på tabellen. Men det er såpass jamt at dette kan snu seg fort. Eitt av laga som ikkje er trygge enno er Rollon. Men trenar Alexander von Løwensprung ser ikkje vekk frå at laget hans kan klatre litt i haust.

– Slik tabellen ser ut no blir det ein kamp om å stå i divisjonen. Samtidig har vi berre seks poeng opp til LGFK på fjerdeplass. Så om vi får ein god start på haustsesongen kan vi sikte oss litt høgare på tabellen. Vårsesongen var ein katastrofe, rett og slett. Det er både mitt og spelarane sitt ansvar. Vi har vore gode spelemessig i mange kampar, men ikkje klart på setje sjansane våre. Over tid kan ein seie at det er snakk om udyktigheit og ikkje uflaks. Men eg håper jo at denne trenden snur til hausten, seier von Løwensprung.

Stallen hans er omtrent uforandra sidan i vår. Nokre spelarar har forsvunne, men det er grunna lite speletid. Alexander von Løwensprung fortel at laget hans har trena godt i sommar. Ja, eigentleg har dei trena godt i heile år, faktisk betre enn på mange, mange år. Men så langt har det ikkje gitt utslag på tabellen. Så får vi sjå om det snur seg til hausten.

Bidreg Riise?

Apropos spelarstallen: John Arne Riise spelte eit par kampar for Rollon i vår. Men von Løwensprung tvilar på Riise blir med så mykje i haust.

– John Arne er jo først og fremst skiløpar no. Han er jo framleis innmeldt i Rollon, så eg kan ikkje avkrefte at han dukkar opp igjen i haust. Han er jo i god form også etter all skitreninga. Men eg tvilar på at John Arne bidreg mykje for oss i haust, seier Rollon-trenaren.

Denne 4.-divisjonsrunden:

Torsdag: Langevåg–Hareid, Larsnes/Gursken–Godøy.

Fredag: Hødd 2–Bergsøy, Emblem–Norborg, Skarbøvik–Volda, FK Sykkylven–Rollon.

Også 5.-divisjon startar på igjen torsdag. Her ligg ikkje uventa Valder (28 poeng) og Ørsta (26) best an etter vårsesongen. Blindheim (21) ligg nærast med omsyn til å ta ein av dei to opprykksplassane.