Ein tiltakspakke verd 650 millionar var det næringsminister Monica Mæland (H) hadde med til Ulsteinvik tysdag.

- Her ser det bra ut til 2016/17, og etter det stoppar det opp. Regjeringa vil difor ha ei ekstra satsing i tillegg til det som kjem som gjennom ordinær løyving, sa næringsminister Monica Mæland då ho lanserte tiltaka på ein presseseanse ved Kleven verft tysdag ettermiddag.

Konkurransedyktig

Regjeringa vil hjelpe verfts- og utstyrsindustrien over kneika. Pengane kjem i tillegg til ordinære løyvingar over statsbudsjettet i 2016.

Regjeringa set i verk ekstra vedlikehald av Sjøforsvaret sine fartøy. Erfaringsmessig vil halvparten av desse oppdraga gå til norske verksemder.

Det skal også byggjast eit nytt kystvaktfartøy, eit oppdrag som må ut på anbod. Dermed er det ikkje sikkert at eit norsk fartøy vil få jobben.

- Vi får håpe at eit norsk verft er konkurransedyktig og ved hjelp av programmet vi har vedteke no, vil vere i stand til å vinne fram, seier Mæland.

Utvikle norsk teknologi

Staten vil også ha ekstraordinært vedlikehald av forskingsfartøy, og det blir sett i verk tiltak for grøn skipsfart. Regjeringa vil bruke bruke meir pengar til å utvikle norsk teknologi. Dette skal skje gjennom å auke løyvingane til eknologiprogrammet DEMO 2000. Dette skal bidra til at norske verft, og særlig leverandørindustrien, kan levere nytt utstyr til norsk næringsliv og eksportere ny teknologi.

Grønt skifte

Harald Tom Nesvik (Frp) er godt nøgd med tiltakspakken som statsråden hadde med til Ulsteinvik.

- Eg vil gi stor honnør for desse tiltaka. Her er ein raud tråd til den maritime strategien som regjeringa har lansert før. Vi er avhengig av at heile verkemiddelapparatet er intakt, seier Nesvik som er oppteken å unngå at heile den maritime klyngja kan forvitre viss ein av delane forsvinn ut.

Han trekkjer også fram satsinga på miljøteknologi som viktig. Tiltaka opnar for å jobbe fram ny teknologi, til det grøne skiftet.

Les også: Frykter at opptil 70.000 jobber går tapt

Vrakpantordning

Det er lagt opp til gunstige låneordningar og eigne teknologiprogram for næringa. Eitt tiltak inneber oppmoding om å kondemnere gamle skip, men detaljane rundt dette vil statsråden kome tilbake til.

Ifølgje Nesvik handlar det om ein del gamle fraktefartøy som går langs kysten og som ein ønskjer skifta ut.

- Det blir det eg kallar ei vrakpantordning, sa Nesvik.

Fornøgd næring

Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest er positiv til dei konkrete tiltaka som Mæland lanserte.

- Vrakpant, grøn skipsfart og forbetra nettolønsordning. Dette er mykje positivt som næringa har etterspurt, så dette er ein god dag viss det er slik at det konkretiserer seg med 650 millionar kroner, sa Ingjerd.

Mæland varsla også at det vil kome meir i statsbudsjettet.

Kjersti Kleven meiner fleire av tiltaka som statsråden no set i verk, var varsla i den maritime strategien som regjeringa har vedteke.

- No kjem ho og viser handling, og det er eit viktig tidspunkt å gjere det på, seier Kleven.

Kjersti Kleven (t.h.) orienterer næringsminister Monica Mæland under besøket på Kleven verft tysdag. Til venstre Ulstein Høgre sin ordførarkandidat Heidi Strand. Foto: Anne-Mari Tomasgard