Når MAE kritiserer andre for å skrive feil, då må det han sjøl skriv vere heilt korrekt. Det er det ikkje.

Han skriv at kortbølga stråling frå sola går gjennom atmosfæren og vert reflektert som langbølga stråling. Refleksjon av stråling er retningsbestemt, og har same bølgelengde som innkomande stråling.. Vi må sjå på absorbert (ikkje reflektert) stråling. Denne gir auke i termisk energi (oppvarming), som så i neste omgang vert stråla ut (emittert) som langbølga varmestråling (infrarød, IR).

Emisjonen er like sterk i alle retningar, og har bølgelengder frå 1 til om lag 100 mikrometer (um). Spekteret avheng berre av temperaturen på det som strålar ut varmen, og ikkje av kva stoff det består av. Difor kallast det «black-body-radiation». Når jorda har ein temperatur på 14-15 grader har spekteret ein intensitets-topp ved om lag 15 um, og avtar til begge sider. Vert det varmare går toppen mot kortare bølgelengder, og omvendt når det vert kaldare. CO2 i atmosfæren absorberer litt av denne strålinga: 2,7 um, 4,3 um og 15 um.

Av desse er absorbsjonen ved 15 um den viktigaste. Dette utgjer 5-8 % av varmestrålinga frå jorda. 92-95 % er altså heilt upåverka av CO2. Bølgelengdene er ein egenskap ved CO2. Absorbsjonen kallast difor fingerprint-absorbsjon. CO2 vert oppvarma av dette, og varmen vert overført til andre gassar (O2 og N2), slik at atmosfæren vert varmare. Dette er drivhuseffekten frå CO2. Den auka temperaturen i lufta vert på nytt utstråla som varmestråling, i alle retningar, CO2 absorberer 5-8 % av dette, osv. Det vert ofte framstilt som at CO2 reflekterer varmestrålinga tilbake til jorda. Det er feil. Ingen set spørsmål ved CO2 sin drivhuseffekt.

Det som er tvilsomt er om ein ytterlegare auke i CO2-konsentrasjonen vil gi meir temperaturstigning. Klimapanelet IPCC påstår at dette er slått fast utan noko som helst rom for tvil, og påstår at det er konsensus om dette. Dette blir lagt ut som at «vitenskapen» er enige om det. Det slår også MAE fast, og kallar dei som er ueinige for «klimanektarar» og «synsarar».

Det er slett ikkje alle vitskapsfolk som er enige om dette. Hundrevis av dei aller fremste vitskapsfolk i verda er skeptiske til IPCC sitt arbeid, og til konklusjonane. Nokre døme, med ekstremt tung fagleg bakgrunn: Fysikeren Freeman Dyson, (overtok professoratet etter Albert Einstein). Ivar Giæver, den einaste nordmann som har motteke Nobelprisen i fysikk. Fysiker Richard Lindzen, professor ved MIT, verdsleiande innan atmosfærens dynamikk, har publisert over 200 bøker og artiklar om emnet. Biologen Patrick Moore. Miljøbiologen Michael Schellenberger. Fysikeren William Happer, med omfattende undersøkingar omkring IR-absorbsjonen frå klimagassar. Er det desse MAE meinar er «synsarar?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!