Samstemt song skal elles vere ein styrke for Einar Gerhardsen sine «tillitsmenn», men fylkesårsmøtet i helga vart prega av alt anna enn samklang.

I dagane fram mot møtet har det bobla og kokt internt i partiet og i oppslag i media. Her har nord stått mot sør, og kvinne mot kvinne. Hjelpt fram av eit knallsterkt valresultat i 2015, stilte Ålesund med fornya sjølvtillit og lyst på meir makt.

I nord har eit svekka Kristiansund fått ekstra motbør av ein valkomite som har kutta minst eit par svingar. Strid om posisjonar og personar hang som ein eim over årsmøtet.

Politikken partiet skal profilere seg på framfor valet, vart overskygga av fogderistrid og kaos.

Arbeidarpartiet er kjent for partiet der «noen har snakket sammen», men denne gongen grunnstøytte alle forsøk på å finne kompromiss på utsida av årsmøtesalen.

BAKGRUNN: En svært dramatisk valgkamp i Møre og Romsdal Ap endte med at Anne Kristin Bryne fra Ålesund tapte kampen om nestledervervet.

Bensin på bålet

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen gjorde sitt forsøk i siste minutt i tolvte time, men oppnådde berre å kaste bensin på eit allereie overtent bål.

Striden munna ut i ei kampvotering der fylkets nest største lokallag, Ålesund, vart utradert frå styret.

Fjerdekandidat på stortingslista, Anne Kristin Bryne og hennar støttespelarar tapte så det song i kampen om nestleiarvervet. Tilbake stod Berit Tønnessen frå Kristiansund som suveren sigerskvinne.

– Saknar sidestykke

Siste post på programmet var ironisk nok korleis Arbeidarpartiet skal vinne valet. Det spørsmålet burde nok mange ha stilt seg før dei kasta partiet ut i eit årsmøtekaos som truleg saknar sidestykke i den nære partihistoria.

I dag har Arbeidarpartiet to kandidatar på Stortinget frå Møre og Romsdal. Målet er å få tre. På den utsette tredjeplassen står Tove Lise Torve frå Sunndal. For mange gjorde trusselen om at partiet ville tape veljarar på Nordmøre det vanskeleg å svelgje forsøket på å kaste sitjande nestleiar.

Under overflata lurer Nordmørslista. I fylkestingsvalet tok dei ein solid jafs av stemmene i nordfylket. Ein reprise kan bety at Torve taper tredjemandatet, slik ho også gjorde i 2013.

Skal partiet klare målet, må kamplysta piskast opp fleire hakk. I helga hadde fylkespartiet nok med å piske seg sjølv.