– Dette er gledeleg og positivt for reiarlaget, og er ei stadfesting på at vi lukkast i ein krevjande marknad, seier Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping ASA, i ei børsmelding.

Men så veldig overraska gir ikkje konsernsjefen inntrykk av å vere.

– Vi har sagt heile tida at vi står sterkt i blant anna Brasil, og at vi har ein organisasjon som har eit godt fotfeste i miljøet der nede. Dei har ein god standing hos alle operatørar. Og vi har levert gode tenester til Petrobras. Så slik sett er det ikkje så overraskande at vi får lange kontraktar med dei, seier Bakken til smp.no.

– Og i Petrobras sin situasjon så er dette positivt og gledeleg, seier Bakken vidare.

Det er inngått fireårskontrakt for PSV-en Far Strider.

I tillegg er det inngått eittårskontrakt for ankerhandlarren BOS Turquesa, som også tilhøyrer Farstad-reiarlaget. For Turqesa er kontrakten med eitt års opsjon. Skipet har påbegynt denne kontrakten.

Tidlegare i år har Farstad selt to skip, Lady Grace og Far Scandia.

Få med deg det siste om jobb og næringsliv på Nordvestlandet. Følg smp-jobb på Facebook!