Liv Signe Navarsete har vore ein viktig pådrivar for E39 over Anda–Lote. Då ho var statsråd og Sp-leiar i den raudgrøne regjeringa, kjempa ho imot Arbeidarpartiet, som hovudsakleg ønskte indre linje.

No har statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen teke ei avgjerd i saka. Vegen skal gå via Kvivsvegen, bru i indre og tunnel gjennom Utvikfjellet i framtida. Navarsete er ikkje nådig i kritikken av regjeringa.

– Brukar pengane i Hordaland og Møre og Romsdal

Ho tvilar på at brua i indre Nordfjord nokon gong blir bygd.

– Men kva betyr vel det, så lenge Erna får bruke pengane i Hordaland og Møre og Romsdal? spør Navarsete ironisk.

– Det er mest folk (les veljarar) der, så då så.

– Venstre og KrF er etterdiltarar

Støttepartia til Regjeringa, Venstre og KrF, har støtta midtre trasé i Nordfjord. Navarsete meiner valet viser at dei ikkje har påverknad på Regjeringa.

– Hald fram arbeidet

Navarsete gratulerer Stryn, men åtvarar mot å ta gledene på forskott.

Ho meiner midtre Nordfjord må halde fram kampen for å få bru.

– Ferja må uansett avløysast av bru så hald fram arbeidet, E39 eller ikkje, er oppmodinga frå ho.