Det kjem fram av ei pressemelding måndag.

– Vi har bedt aksjonærane om å yte eit konvertibelt lån, dette blei godkjent på årets generalforsamling. Dette gjer vi for å sikre kapitalstrukturen i eksisterande prosjekt, men også for framtidig satsing og utvikling av konsernet, opplyser styreleiar Tore Ulstein i pressemeldinga.

Størrelsen på lånet vert ikkje opplyst.

Nett.no skreiv førre veke at saka som vart behandla på generalforsamlinga fredag gjaldt ei kapitalinnsprøyting på 300 millionar. Ifølgje næringslivsavisa skulle 150 millionar kome frå Ulstein-aksjonærar og 150 millionar i nye lån frå Innovasjon Norge og DNB.

- Samarbeidet med DNB og Innovasjon Norge har vore svært godt gjennom denne prosessen. Dette har vore avgjerande for å få på plass den nye totale kapitalstrukturen, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i pressemeldinga.

«Krevjande» år

Gunvor Ulstein påpeiker at Ulstein Group framleis er ei omstillingsfase etter oljefallet og at fjoråret vart «krevjande».

– Vi har mellom anna tapt midlar både på eksisterande prosjekt og på eigarandelar i skip og sal av aksjar innanfor offshore. Vidare har vi inngått kontraktar i nye segment med høgare kontraktverdiar. Desse prosjekta har ei lang konstruksjonstid, nokre over to år, og ein stor del av konsernets likviditet blir difor låst opp i desse prosjekta, seier ho.

Minus i rekneskapa

Ulstein går samstundes ut med tala for fjoråret, som viser at konsernet går på sitt 3. år med underskott. Omsetninga på 1,1 milliardar er betydeleg høgare enn året før, då inntektene stoppa på kring 850 millionar.

Underskott før skatt vart på knappe 360 millionar, og av dette var 67 millionar frå ekstraordinære nedskrivingar. Det er betre enn i 2016, då underskottet vart over ein halv milliard.

Driftsresultatet enda i minus 326 millionar kroner. Det er ei forverring frå 2016, då driftsresultatet enda på kring 250 millionar.

I pressemeldinga vert det påpeika at låg utnytting av kapasiteten grunna låg ordreinngang, er årsaka til resultata, i tillegg til tapa på enkeltprosjekt og nedskrivingar.