Regjeringa har avgjort å setje i gang nødvendig planarbeid, og om kort tid får Kystverket oppdragsbrevet frå Samferdselsdepartementet om å setje i verk forprosjekt, reguleringsplan og konsekvensutgreiing for det store alternativet.

84 prosent av kysttrafikken

Det er snakk om ein skipstunnel som kan ta unna 84 prosent av kysttrafikken. Den 1.700 meter lange tunnelen mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Selje kommune vil vere 26,5 meter brei, 37 meter høg og ha ei seglingsdjupn på 12 meter. Skipstunnelen er dimensjonert etter hurtigruta MS «Midnatsol».

Kostnaden er kalkulert til to milliardar kroner med moms.

Les også: Startar kjerneboring for skipstunnelen

Store mengder stein

Det vil verte sprengt ut tre millionar kubikkmeter stein, som svarar til 7,5 millionar tonn sprengt fjell.

Kystverket har saman med kommunane Vågsøy og Selje sett i gang eit prosjekt som går ut på å finne ut korleis ein på ein best mogleg måte kan nytte steinen, og det på ein god samfunnsmessig måte.

Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad Skipstunnel fortel at dei sidan nyttår har venta på grønt lys for planarbeid og signal om at Kystverket får oppdragsbrevet.

Ho viser til at alle dei politiske partia på Stortinget er samde om at Stad Skipstunnel skal realiserast. Derfor er ho ganske trygg på at den vert realisert.

Må inn i NTP

For å kome vidare, må Stad Skipstunnel kome med i Nasjonal Transportplan (NTP) som vert rullert i 2017. Då må skipstunnelen også inn med fullfinansiering.

– Vi jobbar no for å ha alt gryteklart til denne rulleringa, seier Randi Paulsen Humborstad.

Ho fortel at arbeidet med å utarbeide ein ny reguleringsplan for ein stor skipstunnel og forprosjektet vil ta rundt eit og eit halvt år.

Vedtak i Stortinget

Før ein kan setje entreprenøren i gang, må det også gjerast eit vedtak i Stortinget.

På spørsmål om dette er eit vanskeleg prosjekt å gjennomføre, svarar prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad at skipstunnelen er eit prosjekt som vert rekna som kurant å byggje.

Som ein fjellhall

– Det skal vere som å sprengje ut ein fjellhall.

Arbeidet kan starte i begge endar. Byggjetida er kalkulert til tre-fire år, fortel Humborstad, som reknar med at flagga vil gå til topps når det vert kjent at Stad Skipstunnel har kome eit viktig steg vidare.

Ut av vakum

Samferdselspolitikar Frank Sve (Frp) i Møre og Romsdal er svært glad for at Stad Skipstunnel har kome ut av det vakumet som prosjektet ei stund har vore i, og har rista av seg siste rest av negativitet.

Han ser på det som no skjer som eit «go» frå samferdselsministeren, og er ikkje i tvil om at prosjektet vert realisert.

Flaskehals

– Det verharde havstykket rundt Stad har vore ein flaskehals for skipstrafikken. Når Stad skipstunnel vert realisert, vil det verte lettare for skip å passere Stad. Skipstunnelen vil heilt sikkert også verte ein attraksjon som reiselivsnæringa kan dra stor nytte av. Vidare vil prosjektet vere viktig for anleggsbransjen. Alt i alt vil skipstunnelen verte ei stor vitamininnsprøyting for heile landsdelen, seier Sve som fortel at Høgre og Framstegspartiet både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane siste tida har jobba iherdig for at prosjektet skal kome vidare.

Gjer som snart 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Flaggar for Stad skipstunnel: Ordførar Ottar Nygård i Selje og prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad skipstunnel. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Stor tunnel:</strong> Stad skipstunnel vert bygt etter det største alternativet, og vil kunne ta unna 84 prosent av kysttrafikken.
<strong>Kjødepollen:</strong> Stad skipstunnel får innsalg mellom det gule og det kvite huset midt i bildet. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET