Kvivsveggeneralen sjølv, Svein Sunde, rakk å få godt heit mobiltelefon på øyret frå første minutt etter nyhendet om val av Kvivsvegen som framtidig E39, seint måndag kveld.

Erna Solberg: – E39 skal gå over Kvivsvegen

Men Sunde våga ikkje å sleppe jubelen heilt laus, på ståande fot.

Tiår med vegkamp og vegpolitikk har lært han at det meste må sjekkast og dobbeltsjekkast.

– Men her ser det ut til å gå vegen, så absolutt. Ingen andre stader på E39, frå Kristiansand og nordover forbi oss, får ein vegparsell på eksisterande E39 større reisetidsinnkorting - enn via indre i Kvivsvegregionen, slår Sunde fast.

Skuffa Eid-ordførar: – Ser på Sogn og Fjordane som eit forbikøyringsfylke

Han forsikrar at han ikkje har fått det minste signal på førehand kva val regjeringa ville lande på.

– Men det har gjort eit godt val, også økonomisk, men tanke på midlane som alt er lagt ned, stadfestar Sunde.