Seint fredag kveld gjekk innbruddsalarmen av ved Stordal skule.

Det vart først meld at nokon hadde bana seg veg ved å knuse ei rute, og at politiet var på staden. Laurdag morgon er politiet ikkje sikre på om nokon har vore inne på skulen.

– Det har vore ei patrulje på staden og gjort undersøkingar. Det er uklart om nokon har vore inne på skulen. Innbruddssalarmen gjekk i går kveld og eit vindu var knust. Det er usikkert om noko er tatt bort. Politiet har oppretta sak, seier Arild Reite, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre.

Promille

Seint fredag kveld stoppa politiet ein bil i Ålesund sentrum. Politiet mistenkte at føraren hadde promille. Han vart tatt med for prøvetaking.