Han skriv no brev til ordførarane i Norddal og Rauma, og til dei to reiselivssjefane i regionen.

– I brevet ber eg dei snarast om å ta kontakt med Telenor og eventuelle andre instansar for å få ei utbetring av mobildekninga på strekninga, seier Viktor Valdal til Sunnmørsposten.

Han ønskjer at sambandet iallfall på mesteparten av strekninga kan vere på plass allereie neste år, når turistane kjem i store mengder.

Følgsmp.no på Facebook

Over 700.000 nyttar vegen

Dei siste prognosane tyder på at mellom 730.000 og 750.000 personar vil køyre over Trollstigen i år. Det fortel reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Åndalsnes og Romsdal Reiselivslag.

– Eg stiller meg bak utspelet til Viktor Valdal, og vil gjere mitt for å få på plass ei betre mobildekning, seier ho.

Bakke stadfestar at dette er den mest trafikkerte turistvegen i Norge. Likevel viser Viktor Valdal sine målingar at 11 kilometer av strekninga frå Valldal til Trollstigplatået er heilt utan mobildekning.

Se bildeserie: Spektakulære TrollstigenKortreist: Så vakker har du aldri sett Trollstigen før

Aggregat ved Trollstigen

– Oppe på toppen av Trollstigen er det aggregat som også gjev straum til mobilantennene. Men eg har fått stadfesta at når aggregata er stengde for sesongen, så er det faktisk ikkje dekning oppe på sjølve Trollstigplatået heller, legg Valdal til.

– Trollstigen har dei siste åra fått eit fantastisk løft, både når det gjeld betre vegar og nye bygg. Då er det for gale at ein ikkje også rustar opp mobildekninga, meiner Valdal.

Lesfleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

– Vil koste millionar

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, seier til avisa at han er fullt klar over situasjonen. Men legg til at det eine og åleine handlar om pengar til å leggje fram straum til mobilmaster.

– Det vil koste mange millionar. Dersom kommunen vil vere med på eit spleiselag, kan vi diskutere ei løysing, legg han til.

Å bruke batteri, avviser han.

– Då snakkar ein om timar med drift, ikkje veker og månader.

Lokalpolitikar Viktor Valdal håpar at betre mobildekning er på plass til turistane kjem neste sesong. Foto: Roald, Berit (Scanpix)
Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.
Hilde Gråberg Bakke er reiselivssjef i Åndalsnes og Romsdal Reiselivslag.