– Eg ønskjer å gjennomføre det som er mitt mandat. Men når staten kjem utanfrå og skal overstyre det, blir ein ståande att som ein narr, seier Sandnes.

Sp-ordføraren gjekk til val i fjor haust på at Norddal skulle halde fram som eiga kommune. I mai røysta også nordølingane for det same i ei folkerøysting.

Prinsipp

Han meiner likevel det er meiningslaust å bli sitjande når han ikkje har høve til å jobbe basert på mandatet han er gitt.– Når ein går til val på noko må ein målast på i kva grad ein får gjennomført det. Når ein ikkje får gjennomført dette, har veljarane god grunn til å vere skuffa.

Politikerforakt

– Av praktiske grunnar har vi eit såkalla representativt demokrati. Men nokre saker er så viktige at vi let folket velje gjennom folkerøysting, seier han.– Når folket har gitt eit klart svar så må politikarane lytte til det. Om ein overstyrer dei blir det siste gong dei går til urnene. Då blir folkestyret berre ein selskapsleik, seier Sandnes.

– Arrogant statsråd

I ein kronikk i dagens avis (sjå side 19) går Sandnes hardt ut mot kommunalministeren og utsiktene for samanslåing med tvang.

«Erna sin eigen superminister, Jan T. Sanner, prøver kvar dag å bortforklare mageplasket som viser at sju av 10 kommunar seier nei til samanslåing. Samtidig trugar han dei ulydige med tvang», skriv Sandnes.

Dersom statsråden går inn for tvang undergraver det betydninga av folkerøystingar i framtida, meiner ordføraren.

– Politikarane blir stadig oppfatta som å vere på kollisjonskurs med folket. Det er mykje politikerforakt, seier han, og held fram:

– Når kommunalministeren er så arrogant som han er, så tek han ein stor risiko. Eg kan ikkje minnast at ein statsråd har kome så i utakt med folket sitt. Og tilsynelatande ser han det ikkje heller, meiner Sandnes.