Det blei opplyst ved Ulstein-konsernet på ei pressekonferanse i Ulsteinvik fredag ettermiddag. Det er ein ikkje namngitt privat kunde som har bestilt båten, og yachten blir den første båten for Ulstein i denne marknaden.

Konsernsjef Gunvor Ulstein omtalar jobben som ein viktig kontrakt for det familieeigde konsernet som er hardt råka av oljenedturen.

Sjå video: – Har jobba med kontrakta i eitt år

(saka held fram under)

Kjend yachtdesignar

Ulstien opplyser at den «marine plattforma» og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Medan eksteriørdesign og andre teikningar, skal leverast av den anerkjende yacht-designaren Espen Øino.

Yachten blir 88,5 meter lang og 16,3 meter brei og skal leverast første kvartal 2018. Planleggingsarbeidet er allereie i gong.

– Prosjektet vil gi arbeid til ein betydeleg del av arbeidsstokken ved Ulstein Verft gjennom 2017, opplyser konsernet i ei pressemelding.

(saka held fram under)

Ønska X-bow

– Vi har jobba godt og lenge med å utvikle eit solid og robust yacht-prosjekt. Kunden ønskte den karakteristiske X-bow-en frå Ulstein og saman med Espen Øino, som har ansvaret for eksteriørdesignen og GA-plan, har vi utvikla ei god totalløysing. Vi ser verkeleg fram til å realisere dette prosjektet, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no