Sivilingeniøren frå Fræna har gjort vêrmerke og månetyding til sin store hobby.

Han hevdar at han sidan 2003 har hatt ein treffprosent på 70–80.

Hol samlar på kunnskap om gamle vêrmerke, primstaven og ikkje minst på kunnskap om månen.

Skjema

Eit eige skjema som fortel kvar på himmelen kvar nymåne og fullmåne tenner, er eit av dei viktigaste reiskapane.

Hol har notert ned måne og vêr sidan 2003 og meiner det ikkje er noko tvil om at det er ein samanheng mellom månetenning og vêr.

Når vi spør korleis vêret blir framover, startar han med å ta eit lite blikk attover, og begynner med nymånen vi hadde 1. oktober.

– Då tende han i nordaust, og det vart kaldt, opphaldsvêr og fint, akkurat som oppskrifta. Og slik vil det vere fram til fullmånen 16. oktober, som kjem frå vest. Det er ikkje noko særleg, seier Hol.

For fullmåne rett ifrå vest betyr ifølge Hol nedbør i form av regn.

Vind kan det også bli.

– 30. oktober er det nymåne. Men han kjem også i vest, så vêret held fram med regn og vind.

Snur

Men gled deg til 14. november, for då snur det:

– Då tenner fullmånen i nordaust, og vi får slikt vêr som vi har no – med lite nedbør. 29. november er det nymåne igjen. Han tenner i sørvest, meir sør enn vest, faktisk. Så då blir det mildt og ikkje så mykje nedbør. Og blir det nedbør, så blir det iallfall som regn, fortel Ivar Hol.

Slik forklarer han at det vil halde fram, også etter fullmånen 14. desember. For han kjem ifrå same retning.

– 29. desember er det nymåne ifrå søraust. Det betyr opphaldsvêr og kaldt.

– Ingen snø til jul, altså?

– Det ser ikkje slik ut. Einaste moglegheit er i perioden 14. november til 29. november, når månen tenner i nordaust. Oftast kjem det ikkje noko særleg med nedbør då. Men om det kjem, så kjem det som snø, svarer månetydar Ivar Hol.

I fjor haust varsla han ein vinter med heller lite snø. Han trefte ganske bra. Vi måka oss ikkje forderva, akkurat.