Bent Ingebrigtsen er fastlege i Hornindal kommune og leiar for vaktlegetenesta i Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn.
Rett før helga sende han epost til alle sine 25 kollegaer i vaktsamarbeidet med denne påstanden: «Befolkninga i Nordfjord får eit vesentleg dårlegare helsetilbod dersom akuttkirurgisk beredskap forsvinn i Volda».
– Bortimot alle av mine vaktkollegaer i Nordfjord har kvittert med at dei støttar denne påstanden, seier Ingebrigtsen til Sunnmørsposten.
(meir å lese under bildet)
Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook
Kunnskap
Ingebrigtsen er sjølv busett i Volda, og han har tidlegare fartstid i halvtanna år ved fødeavdelinga på Volda sjukehus. Etterpå har han vore fastlege i Volda fram til han starta i same stilling i Hornindal - etter at Kvivsvegen opna.
– Eg har sterke meiningar om kor viktig akuttkirurgien i Volda faktisk er. Det at eg bur i Volda og har vore tilsett ved sjukehuset for mange år sidan vert av meiningsmotstandarar i Nordfjord brukt imot meg i denne saka.
– Sjølv vil eg hevde at denne bakgrunnen berre styrkar min kunnskap om korleis dette verkar, seier Ingebrigtsen.
Heldt appell
Han heldt appell då det den 24. november vart arrangert fakkeltog med fleire tusen frammøtte ved Volda sjukehus.
– Eg vil på ingen måte snakke ned funksjonane til Nordfjord sjukehus. Men eg er kritisk til måten helseminister Bent Høie brukte Nordfjord som eksempelsjukehus, rett før han lanserte sin nasjonale kuttplan.
– På akuttfeltet er ikkje folk i Nordfjord tente med ikkje å ha eit akuttsjukehus nærare enn fylket sitt eige i Førde, insisterer Ingebrigtsen.
Helikoptersvikt
Legevaktsjefkollega Jan Magne Remøy i Herøy og Sande fortel at det har vore eit liknande opprop mellom legane der - og i Hareid og Ulstein i helga.
– Tilbakemeldingane er massive for å bevare akuttfunksjonen i Volda, seier Remøy.
Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no
Han viser til at det seinast sist helg var eit alvorleg akuttilfelle med påkøyrsel i Herøy: – Helikopteret i Ålesund hadde teknisk svikt og det måtte rekvirerast Sea King i staden.
– Altfor ofte ser vi at helikopter og ferjer er hindra. Vi må ha Volda klart, fordrar Remøy.