Måndag legg transport- og kommunikasjonskomiteen fram si innstilling til ny Nasjonal transportplan (NTP). Og det er no klar at fleirtalet i komiteen, med Høgre, Frp, KrF og Venstre går inn for å ta Strynefjellet inn igjen i planen. Men ikkje før ved neste rullering, altså om fire år.

– Vi er veldig fornøgd. Vegen går frå ikkje å vere omtalt i det heile, til å ligge inne, seier Stryn-ordførar Sven Flo (H) til smp.no.

Arm til Geiranger er med

Ny riksveg 15 over Strynefjellet var ikkje med då regjeringa la fram forslag til ny NTP tidlegare i vår. Men det har vore jobba knallhardt for å få vegen med, før Stortinget vedtek endeleg plan. Og no er det sikra fleirtal for at Strynefjellet kjem inn i planen.

Flo fortel at det også ligg ei klar forventning om traseval på strekninga. Komitefleirtalet trekkjer fram alternativet B1 med lang tunnel med ei mogleg fylkesvegarm til Geiranger som beste løysing (sjå kart).

– Men det er først ved neste rullering vegen er inne. Burde det ikkje vore i første periode?

– Så lenge det er knallharde prioriteringar, så ville det nok bli store utfordringar med å få vegen inn i denne perioden. Om fire år er eit langt betre utgangspunkt enn om vegen ikkje var inne i det heile, seier Flo.

Styrkar prosjektet

Også Arbeidarpartiet har signalisert at dei vil ha inn Strynefjellet i NTP. Og Flo synest det er positivt at det blir eit stort fleirtal som stiller seg bak.

– Det vil berre styrke prosjektet, meiner han.

Ordføraren vil ikkje spå om når det kan bli oppstart av prosjektet.

– Det er vanskeleg å seie, men mykje er gjort i forhold til planarbeid. No må vi jobbe målretta for at det også skal bli løyvd pengar, seier Flo.

Stort behov for opprusting

Fleirtalet skriv at dei imøteser rask konklusjon for strekninga, slik at prosjektet er aktuelt for neste rullering av NTP.

I merknaden blir det vist til at det er stort behov for å ruste opp Strynefjellstunnelane til dagens tryggleikskrav. Forholda er langt under det ein kan forvente for ein viktig fjellovergang.

Sp vil ha raskare oppstart

Senterpartiet kom seinare måndag med pressemelding om at dei også vil ha Strynefjellet inn i transportplanen, men med det dei meiner er raskare oppstart.

Komitemedlemen frå Senterpartiet vil ha oppstart i siste del av andre planperiode, som er perioden 2024 til 2029. Det blir vist til at prosjektet er i KS1-fase og at vegen er ein viktig transportveg for Nord-Vestlandet, og ein viktig veg for reiselivsdestinasjonen Geiranger.

– Fleirtalet vil vente til neste NTP med å konkludere med noko. Sp legg inn 750 millionar til oppstart i slutten av planperioden. Fleirtalet prøver å gje inntrykk av at dei har teke prosjektet inn igjen, og det reagerer eg på. Dei skriv at prosjektet er aktuelt ved neste rullering. Det er ei utsetjing som er lite forpliktande, meiner Aleksander Heen, som er politisk rådgjevar for transport og kommunikasjon i Senterpartiet på Stortinget.