KLEVEN VERFT (smp.no): Konsernsjef Ståle Rasmussen vart møtt med klappsalvar frå dei tilsette da han slapp nyheita på eit allmøte torsdag føremiddag.

– Det er litt utruleg at vi skulle bli yachtbyggjarar. Å få ein var fantastisk, og når den andre kjem no, så var det litt overraskande, kommenterer Rasmussen.

Han meiner det smakte ekstra godt at verftet sikra seg ein kontrakt utanom offshore-marknaden.

Følg smp.no på Facebook

Ti meter lengre

Hart har tydeleg hatt gode erfaringar med det uvanlege samarbeidet med Sunnmørs-verftet. Han har difor tinga enno eit skip med det omstendelege namnet MT5006 MKII ESV.

Frå før har Hart eit tilsvarande fartøy til levering komande sommar.

– Det var ikkje nok med ein yacht. Han fann ut at han måtte ha ein til, seier Kleven-sjefen.

Les også: Multimilliardærer bak superyacht

Det nye fartøyet vert ti meter lengre enn det halvferdige skipet som no ligg til kai ved verftet.

Det 116 meter lange skipet kombinerer eit robust offshorefartøy-basert skrog med luksuriøst interiør og svært høg grad av komfort, opplyser verftet i ei pressemelding.

Skipet skal multimilliardæren bruke til ekspedisjonar i røffe farvatn.

Herøy-design

Også denne gong er det Marin Teknikk i Herøy som har stått for design, i samarbeid med Kyle Dick og New Zealand-selskapet Oscar Mike Naval Architects.

Det siste skipet skal leverast frå verftet sommaren 2016.

Verdien på kontrakta vert ikkje opplyst, men det vil dryppe jobbar til andre leverandørar i den maritime klynga. Mellom anna skal Rolls-Royce, Hareid Group, Jets og Sperre levere utstyr.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Trengde meir jobb

Kleven har ei velfylt ordrebok etter at dei nyleg hanka inn kontraktar både på seks Maersk-fartøy og eit spesialskip til De Beers Marine Namibia.

Men det første Maersk-skipet skal ikkje leverast før mot slutten av 2016, og difor trengde konsernet meir jobb på kortare sikt.

Kleven har etter den nye kontrakta 18 skip i ordreboka til ein verdi av meir enn 12 millardar kroner, etter at dei leverte verdas største gassdrevne PSV så seint som onsdag.

Under kan du sjå den første yachten til Graeme Hart bli sjøsett ved Kleven. Filmen er laga av Ålesund-firmaet Fuglefjellet.

Den første luksusyachten som Graeme Hart har under bygging ved Kleven, skal leverast til sommaren. Arbeidet har teke meir tid enn planlagd. Årsaka skal vere at oppdragsgjevaren har komen med endringar undervegs. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Konsernsjef Rasmussen meinte det smakte ekstra godt med ein kontrakt utanom offshore-marknaden og dei tilsette feira med kake. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Konsernsjef Ståle Rasmussen (nr. 2 f.h.) i Kleven drog fram salgsteamet sitt for å takke for innsatsen med å hale i land den nye kontrakta. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Graeme og Robyn Hart fra New Zealand besøkte Ulsteinvik i samband med at den første superyachten vart sjøsett i august. Foto: Gunnar Wiik