– Totalt sju eller åtte krykkje-ungar er ala fram på Runde i år, sist vi talde. Det er eit fullstendig bilde, seier Folkestad.

– Og mot slutten av sesongen var det berre eit fåtal vaksne krykkjepar.

Dermed er krykkja nærast borte frå Runde, etter at den dominerte øya for nokre tiår sidan.

I helga fortel Alv Ottar Folkestad om dette på Runde Miljøsenter. I samarbeid med Ingar Støyle Bringsvor har han gjort årets fugleteljing.

Meir å lese under bildet

ARKIV. Krykkjekoloni i Kaldeklovstolpane på Runde. I dag er desse hyllene tomme. Foto: Roger Engvik

– Eg opplever nærast ein sorgreaksjon, seier ornitologen. Han har følgd den kraftige veksten av sjøfugl frå 70-talet, og no nedgangen.

Også naturlege svingingar

På Færøyane er hausting av egg bokført i fem hundre år. Her ser dei at det har vore langsiktige svingingar.

– Det er openbert at det er også naturgitte svingingar. Men det er rimeleg einigheit om at dette er på ein større skala, dette er på eit anna nivå, seier Folkestad.

Krykkja dominerte heile fjellet

Folkestad tenker tilbake til 80-talet, då det var kvitt i kvitt over alt. Dei fleste sa 100.000 reir eller meir med krykkje.

Alv Ottar Folkestad. Foto: Roger Engvik

– Vi høyrde fuglefjellet på kilometers hald. Det var eit massivt inntrykk. Vi kunne røre dei og setje ringar på vaksne krykkjer som låg på reira, dei var ikkje sky, fortel ornitologen.

Avhengig av småfisk i stim

Denne vesle måsefuglen som dei siste tiåra har skapt den umiskjennelege lyden i fuglefjellet har ikkje greidd seg, etter at mengda med plankton har gått ned i havet.  Krykkja er avhengig av åte eller småfisk i stim heilt oppe i havoverflata for å kunne sikre seg sjøl og ungane næring. Når dette sviktar, er der ikkje grunnlag for reproduksjon.

– På det meste, i slutten på mai, var det 3-400 par med krykkje som sat inne på reirplassen. Men dei fleste braut av. Det var ikkje nok mat i havet, seier Folkestad.

Ei liknande utvikling har dei i fleire år opplevd i Skotland, på Færøyane og på Island.

Betre for lundefugl

For kolonien av lundefugl er dagens situasjon langt lysare.

– Rundt halvparten av para med lunde greidde å få fram flygedyktige ungar, og det er mykje. I alle fall dersom vi samanliknar med dei siste 10-15 åra.

Dei fuglane som dykkar , som lunden og havsula, greier seg betre fordi dei kan fange fisk lenger nede i sjøen, opplyser Folkestad.

Meir å lese under bildet

Lundefugl landar. Foto: Roger Engvik

Og det hadde vore enno betre om ikkje røyskatt eller andre små firføtte hadde tatt for seg i reira. Også i fjor var det

ei lita lysning for lundefuglen på Runde

. Folkestad trur det var i overkant av 50.000 par lunde på Runde i år.

– Næringstilgangen i år var god gjennom heile sesongen, i all  hovudsak torskefiskyngel, seier han.

Les også: Dag Hessen: – Bruk lundefuglen som «søt panda»

Havsula kan høyrast

For havsule har det vore ei kraftig auke på Runde. Kolonien tel 3.500-4.000 reir og held til ved Rundebranden.

Dette er ein fugl som kan høyrast på avstand, sjølv om dei held til på eit område på to-tre hundre meter i ura.

For to år sidan var det rundt 3.100 havsulereir der ute.

Vanskeleg å gjere noko

Men det store bildet er at det er nedgang i talet på sjøfugl.

Kva ville du ha gjort for å bøte på dette?

– Situasjonen på sjøfugl er eit godt spegelbilde på det som skjer i havet. Dersom det var overfiske som var grunnen, slik det truleg har vore i enkelte periodar, då kunne vi løyst dette med regulering. Men generelt sett i dag er vi mykje flinkare til å tilpasse beskatninga, der er truleg lite å hente, seier Folkestad.

På søndag skal Alv Ottar Folkestad fortelje om situasjonen for sjøfugl på Runde. Det er Runde Miljøsenter som inviterer.

Les også: Roger Engvik: Det er matsituasjonen, ikkje havørna

– Kva var det som skjedde

Sjølv om det er usikkert kva som kan gjerast for å bøte på situasjonen, seier dagleg leiar Nils-Roar Hareide at det er viktig å i alle fall forstå kva som er årsakene til nedgangen.

Runde Miljøsenter samarbeider med fleire land rundt Norskehavet for å finne ut meir om årsakene til tilbakegangen av sjøfugl. Tilbakegang for fiskeslaget sil, også kalla tobis, er truleg ei viktig forklaring.

Les også: Fortumla krykkje takka for hjelpa