Avgjerda om at E39 skal gå i indre trasé i Nordfjord var ikkje populær i Facebook-gruppa «Ja til E39 og bru i midtre Nordfjord».

– Ikkje legg att ei krone i Stryn heretter!

Både sunnmøringar og stryninga får gjennomgå i kommentarane:

«Dette likar nok stryningane godt: At andre tapar er det viktigaste for dei. So: Ikkje legg att ei krone i Stryn heretter!» skriv Karsten Vereide.

– Det blåblå sviket

Fleire meiner avgjerda er eit svik frå Regjeringa. Ein skriv:

«9.juni: Offisiell flaggdag med flagget på halv stong. Aldri gløyme det blåblå sviket. Kva fekk dei forresten ut av alle nye rapportar som gjekk for midtre ? Makelaus arroganse og inkompetanse. Og slike skal styre landet ? Tvi!» skriv den same Vereide.

«Til slutt kom Jern Erna på banen, utuleg arrogant !!» er meldinga frå Svein Rotevatn

Følg smp.no på Facebook!

Kronerulling

Det ser likevel ikkje ut til at dei har nokon planar om å gi opp å få bru i midtre.

«No er det berre ein ting som gjeld: å starte planlegginga og bygginga av flytebrua over Lote-Anda snarast.» skriv Edgar Kvernevik.

William Holden vil ha sunnmøringane med på laget:

«eg trur at ein lyt berre starte på "kronerulling" på bru mellom Lote -Anda... Få ei sunnmørs bedrift på Hareid/ulsteinvik til å lage flytebrua til 1/4 av prisen.... og som ein kan selje til utlandet i etterkant.... Og få alle bedriftene med til å stille... og så få opp bom på brua for nedbetaling av resten... I staden for å krangle...»

Stille i indre

Facebook-gruppa til E39 i indre har det førebels vore stille etter offentleggjeringa.

Kva meiner du om trasévalet? Sei meininga di i kommentarfeltet under, eller besøk oss på Facebook: