Etter ei overgangsperiode der Myklebust kjøper tenester frå Kleven, skal dei to verfta stå på eigne bein.

Verftssjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust-verftet seier det blir ei forandring ved at kollegaer og fellesskapet som verfta har hatt i 17 år, no forsvinn.

– Men vi har eigarar som har trua på oss. Vi har hatt eit hektisk byggeprogram i første halvår og for oss handlar det om å levere, seier Hide.

Etter at Myklebust-verftet har levert ein trålar neste veke og fleire ferjer, trur Hide at ettermarknaden blir meir sentral for Myklebust framover:

– Vi har sagt nei til fleire oppdrag i ettermarknaden no, seier han.