«Då tek Televerket i bruk den nye fiberoptiske kabelen som går over sjø og land». Det må ha vore minst like okkult for 25 år sia som det framstår for oss mildt teknofobe no.

Ja, det var vel snakk om monaleg datatrafikk og, vil vi tru. I artikkelen står nemnt 30.000 telefonkanalar mellom dei to byane. «Men eigentleg er kapasiteten mykje større», les vi vidare.

Kabelen kryssa visst både Storfjorden, Ørstafjorden, Voldsfjorden, Jydske rev og Skagerrak. Snakk om storhendelse!

Alle veit kva som hende då straumen gjekk ved sentralen sist. Kan hende skulle vi høyre meir på ingeniørar enn blåruss. Det er i alle høve lov å lure.