Blånebba blir omtalt som ein enkel og flott topptur, mellom Romsdalen og Venjedalssetra. Høgste punkt er 1320 meter over havet.

Vêret var ikkje det beste i Romsdalen fredag, men det hindra ikkje kronprinsen frå å legge ut på ski.

Blomsterbarn

Etter skituren var det klart for offisiell opning av Norsk Tindesenter.

Blomstebarna Michael Moen Johnsen og Tuva Moa Frick tok imot kronprins Haakon.

Verdas beste

Ifølgje rbnett.no var fleire hundre menneske møtt opp for å delta på opninga.

Kronprinsen sa at det knapt finst ein annan stad som er betre eigna til å ha eit slikt senter.

- Entusiasmen og turgleda vitnar om at Rauma langt på veg har oppnådd sin visjon om å bli verdas beste kommune for turglade menneske, sa kronprinsen i opningstalen ifølgje rbnett.