- Sist Venstre var i Ålesund var i 1997. Då var målingane omtrent som no. Seks månader etterpå var vi ei stor stortinggruppe og sat i regjering. No skal vi viste Ålesund-magien igjen, sa partileiar Trine Skei Grande i si helsingstale innleiingsvis.

Mykje skryt

Venstre sin fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal, Gunn Berit Gjerde, ønskte velkommen på vegner av fylkeskommunen. Ho nytta høvet til å framsnakke det lokale næringslivet, med mange døme på nyskaping og nytenking i den maritime næringa. Men applaus vart det først då ho skrytte ho av at alle dei tre byane i Møre og Romsdal har eliteserielag. Deretter viste ho bilete frå vinterkledde Sunnmørsalpar.

- Vi kan klatre høgt høgt opp og renne veldig fort ned att. Nesten som i politikken, sa Gunn Berit Gjerde.

Vil endre resolusjon

Det var ikkje eit kritisk ord i helsingstalen,men Møre og Romsdal Venstre før landsmøte opna var frampå med ei pressemelding der det var peika på ei forgløyming i eit forslag til resolusjon om vern av sårbare havområde mot oljeutvinning. I resolusjonen er det vist til Lofoten, Vesterålen og Senja, medan Mørefelta ikkje er nemnde med namn.

- Det går ikkje an, seier Gunn Berit Gjerde.

Vil ha inn Mørefelta

Delegasjonen foreslår at Mørefeltea blir likestilt med Lofoten, Senja og Vesterålen når Venstre skal verne fiske- og gytefelt.

- Mørefeltet er gytefelt for den største fiskebestanden i Nordatlanteren, Norsk vårgytande sild. Silda legg egga sine på sjøbotnen i tjukke lag. Difor er gytefelta på Møre dei mest sårbare for oljeutslepp, seier Gunn Berit Gjerde.

Fryktar skadeverknader

Mørefelta er eitt av dei aller mest produktive havområda i verda, påpeikar Møre og Romsdal Venstre. Skade på gytefelta på Møre vil ha enorme ringverknader for Noreg på kort og lang sikt.

- Vi kan ikkje verne Lofoten og utelate å ta med Mørefelta i same andedrag, meiner Gunn Berit Gjerde og brukar eksempelet på at lundefuglen på Røst er heilt avhengig av sildegytinga på Møre for å fø fram ungane sine.

Opninga av landsmøtet i Venstre, med bandet The Dogs Foto: Morten Hjertø