Erna Solberg sin kjole til sals for å bygge kyrkje frå Snøhetta

Tek du turen til Ulsteinvik laurdag, har du sjansen til å kjøpe ein av Erna Solberg sine kjolar. Inntektene går til den nye kyrkje som er teikna av arkitektane i Snøhetta.
Nyheter

(sjå bilde av den nye kyrkja i bildeserie over)

Laurdag føremiddag kan du kjøpe kjolen til statsminister Ena Solberg og minst 200 andre under kjolerulling til støtte for nye kyrkje i Ulstein.

Ei gruppe kvinner i Ulstein har gått saman om det dei kallar «Kjolerulling» - og altså ikkje kronerulling - på Fredheim. Aksjonen er eit ledd i arbeidet med å samle inn pengar til ny kyrkje.

Ber om Facebook-hjelp

No er det klart at også statsminister Erna Solberg vil bidra til aksjonen og gir vekk ein av sine kjolar. Det synest sjølvsagt sokneprest Margit Lovise Holte er heilt topp.

– Vi er glade og takknemlege for kjole frå statsministar Erna Solberg og håpar den når fram i tide, fortel Holte til smp.no.

Statsministeren treng nemleg litt hjelp for å få kjolen til Ulsteinvik, går det fram av bildeposten Erna Solberg delte på sin Facebook-profil torsdag.

Bakgrunnen for donasjonen frå statsministaren blei omtala av nettutgåva til lokalavisa Vikebladet onsdag. Soknepresten sendte rett og slett eit brev og bad om eit bidrag.

Fleire «kjendiskjolar»

– Kjolen får godt selskap med dei mange rause bidraga til kjolerullinga. No håpar vi på godt oppmøte og at kjolane får glade nye eigarar, opplyser Holte.

Dette er ikkje einaste «kjendiskjolen» som blir boden fram. Næringslivsleiar Kjersti Kleven er med i aksjonsgruppa og gir fleire kjolar til aksjonen.

– Ho er dårleg til å kaste og har difor mange kjolar i skåpet etter skipsdåpar og annan maritim representasjon, ifølgje meldinga Sunnmørsposten har fått tilsendt frå arrangøren.

Arrangøren lovar elles mange godbitar, både lange og korte kjolar, gamle og nyare, til fest og kvardag.

Kvinnegrupper mobiliserer

Det har vore ulike arrangement for å skape engasjement om det nye kyrkjebygget, og soknet har allereie fleire enn 100 faste gjevarar kvar månad.

Ulsteinvik har seks såkalla K-grupper. Dette er kvinnegrupper som er knytt til Norges KFUK-KFUM. Og det var ei av desse gruppene som kom på at dei skulle satse på «Kjolerulling», inspirert av meir tradisjonell kronerulling.

– Å mobilisere engasjement er like viktig som pengar, meiner kvinnene som har sett 200 kroner som minimumspris for ein kjole, men strekar under at det er fritt fram å betale meir.

(saka held fram under)

Innsida Slik ser ein føre seg den nye kyrkja inni. Bygget vert i hovudsak av stein og tre. Illustrasjon frå Snøhetta. 

Viser fram nytt kyrkjebygg i Ulstein

Korleis blir den nye kyrkja i Ulsteinvik sjåande ut?

 

Ser du kva den nye kyrkja liknar på?

Ulstein sokn ser fram mot eit moderne og tenleg kyrkjebygg i sambruk med noverande Ulstein kyrkje.


Teikna av Snøhetta

Den nye kyrkja er teikna av arkitektfirmaet Snøhetta, og skal nyttast saman med den 168 år gamle kyrkja i Ulsteinvik. Det nye bygget «Excelsior» er planlagt ved sidan av den gamle.

(sjå bilde av den nye kyrkja i bildeserie over)

Det har óg vore motstand mot planane lokalt. Vikebladet har tidlegare i år omtala eit innbyggjarinitiativ som gjekk mot at kommunen skulle gi pengar til bygging, oppe til behandling i kommunestyret. Men ein er framleis tidleg i prosessen med finansieringa og det spørsmålet er framleis ikkje avgjort.