Det er lagt ned ei mellombels bru over Storelva nord for Utvik sentrum i retning Stryn. Dette åpnar for lokal tilkomst til og frå Utvik sentrum og nedre delar av Utvik, samt til fylkesveg 725 utover til bygda Tistam.

Vegen vidare oppover bygda i Utvik mot Utvikfjellet har fått store og omfattande skadar. I retning Byrkjelo er fv. 60 stengd sør for Utvik sentrum, på begynninga av oppstiginga mot Utvikfjellet. Her må store fyllingar og heile vegkroppen byggast oppatt, i tillegg til at ein må bygge ny bru. Vegen her vil vere stengd i lang tid, truleg i fleire månader.

Deler av vegen åpner på fredag

Statens vegvesen seier at dei ikkje har kunna hatt open veg over fjellet til Utvik grunna arbeid med sikring av utvaska og ustabil vegfylling sør for Karistova. Fylkesveg 60 vil bli åpna for lokaltrafikk mellom Byrkjelo og vegsperringa ved Øvre Utvik på fredag. Det er ikkje snuplass for større bilar ved vegenden ved Øvre Utvik.

Ein stor del av trafikken på strekninga Byrkjelo-Stryn om sommaren er turistar på veg til turistbygdene Loen og Olden i Stryn. For å komme til desse stadane må ein no køyre fylkesveg 60 frå Stryn, og tilbake same vegen.