I staden vann Bergsøy 2-0. Dermed er avstanden mellom dei to Søre-rivalane redusert til fire poeng. Og det er duka for ein ekstremt spennande haust i 4.-divisjon. Hødd hadde ikkje tapt ein einaste kamp i 4.-divisjon før i kveld. Bergsøy på si side hadde ikkje tapt sidan dei møtte nettopp Hødd 2 i første serierunde.

Det var to spelarar med erfaring frå Hødd som scora måla i kampen som gjekk på det gamle Høddvoll-graset. 0-1 kom ved Thomas Sætre Hauge etter 14 minutt. Åtte minutt etter pause dobla Franjo Tepuric Bergsøy-leiinga.

Hødd var slett ikkje sjanselause. Mellom anna hadde Badr Rahhaoui eit treff i stonga. Men også Bergsøy hadde sjansar til på score fleire mål, som då Hødd-keeper Sivert Pieroth hindra scoring då Tepuric kom åleine mot han.

* SIF - Volda 2-2 (0-1)

Volda var sannsynlegvis heilt avhengige av tre poeng her for å halde liv i opprykksdraumen. Grøntrøyene fekk også ein god start då Robert Mathias Dahlberg scora tidleg i første omgang. Same mann dobla tidleg i andre omgang. Men så slo SIF tilbake. Mål av Sondre Kjølsøy (straffe) og Jan Erik Slinning Pedersen i høvesvis det 56. og 57. minutt gjorde at det brått stod 2-2.

Med poengdeling her ser det ikkje veldig bra ut for Volda med omsyn til å rykke opp. Men sidan Hødd tapte mot Bergsøy er avstanden opp faktisk eitt poeng mindre enn før runden. Så vi skal ikkje gi opp Volda heilt enno. SIF på si side ligg no på sjetteplass i 4.-divisjon. Vi kan forresten nemne at heimelaget ikkje har vunne ein einaste kamp på Siffen i år. Men heile fem av seks kampar har enda uavgjort.

* Emblem - Norborg 6-0 (2-0)

Emblem presterte noko svakare enn venta i vår. Men mannskapet til Sindre Knutsen fekk i alle fall ein fin start på haustsesongen. To mål av Sondre Hamnøy sørgja for 2-0 til pause. Same Hamnøy scora sitt tredje for kvelden midt i andre omgang. Vidare la innbytar Marcus Steffensen på til 4-0. I sluttminutta scora same mann ytterlegare to mål. Dermed to hattrick-heltar på Ebbemyra i kveld.

Dette vart altså ein kjempenedtur for Norborg, som vann 1-0 på Hareid i siste vårrunde. Laget frå Uggedalen ligg no under streken i 4.-divisjon.

* FK Sykkylven - Rollon 1-1 (0-1)

Rollon-trenar Alexander von Løwensprung varsla i Sunnmørsposten før helga at Rollon skal klatre på tabellen utover hausten. Og til pause såg det ut som Rollon kunne bykse fleire hakk på tabellen. Då leia dei nemleg 1-0 etter ei scoring av Daniel Østrem. Men i det 57. minutt slo FK Sykkylven tilbake. Håkon Hunnes Hansen stod for utlikninga etter ei målgjevande pasning frå evigunge Damian Cruz. Fleire mål vart det ikkje, trass i at Rollon meinte dei skulle hatt straffe to minutt før slutt.

Ein kan sjå slik på det at det var ei misbrukt moglegheit for begge laga til å kome seg vekk frå nedrykksstriden. Samtidig var det jo også viktig for desse laga å ikkje tape.

Spelt torsdag:

* Langevåg - Hareid 0-2 (0-1)

Ifølgje rapportane ein kamp som kunne ha bikka begge vegar. Men Hareid var kvassast framfor mål. 0-1 kom på straffe ved Martinus Røyset Bakken. Simon Holstad Grimstad punkterte kampen på tampen. Medan Hareid festa grepet om femteplassen i divisjonen, ligg Langevåg sist med sju poeng. Gultrøyene har med andre ord ein solid jobb framføre seg i haust.

* Larsnes/Gursken - Godøy 4-1 (2-0)

Jan Petter Mork scora begge måla til LGFK i første omgang. Martin Haanes og spelande trenar Anders Vaagen stod for måla i andre omgang. Godøy fekk eit trøystemål ved Trond Brynestad. Med desse tre poenga ligg LGFK godt an med omsyn til ei topp fem-plassering (er på fjerdeplass på målforskjell framfor Hareid). Godøy på si side har 12 poeng, tre meir enn Norborg på det som ser ut til å bli øvste nedrykksplass.

Sjå liveoppdateringane frå kampane.