Medan Bryne med sine 35 poeng tronar øvst på 2. divisjonstabellen og er heilt utan tap til no, ligg Hødd og kavar under midten med 18 poeng. Bryne har vunne ti av 15 kampar, Hødd har berre fem sigrar. Og søndag kjem Bryne til Høddvoll.

Hødd-trenar Sindre Eid legg ikkje skjul på at sesongen har vore skuffande så langt.

– Vi opna bra med berre eit tap på dei seks fyrste, men sidan har det butta imot. Vi er i ferd med å bygge opp eit nytt lag, men vi hadde likevel trudd at vi skulle få mange fleire poeng enn det vi har klart så langt, seier han.

I vår hadde Hødd problem i begge ender, med få scoringar og mange baklengs. Nå kan det sjå ut til at dei offensive problema er mindre, særleg etter at Robin Shroot no er attende frå Viking. Men bakover renn det framleis inn.

Slit bakover

– Vi slepp motstandaren til altfor mange sjansar, og har ikkje klart å tette att godt nok. Men vi jobbar kvar dag for å løyse problemet, seier han.

Denne veka forsvann keeper Jan Lennart Urke til AaFK. Då vert det 21-årige Ole Monrad Alme som får ansvaret bakarst. Med junioren Sivert Pieroth som andrekeeper.

– Ole Monrad har vist før at han held nivået. Han vert ein fantastisk keeper, det er eg sikker på. Når Jan Lennart ønska seg nye utfordringar, og ein eliteserieklubb ynskte å hente han, så fann vi ut at det var greitt for oss. I Hødd har vi hatt tradisjon for å satse på unge keeperar. Så dette trur eg skal gå bra.

Sindre meiner at Hødd har mykje å spele for denne hausten, sjølv om opprykksplanane for lengst er lagt på hylla.

– Treng ein siger

– Vi satsar på ein god haust, klart det. Og vi treng ein siger no, gutane må få att trua på eigne ferdigheiter. Og eg trur på at vi kan slå Bryne, klart det, seier han.

Hødd slit òg med skadar bakover. Både Daniel Eid, Martin Mork Breivik og Vegard Heltne er ute, det same er Magnus Myklebust på topp.

– Men kanskje kan Torbjørn Kallevåg gjere comeback etter sin meniskoperasjon no på søndag. Han har trent ei veke med oss, og ser bra ut, seier trenaren.