"Etter fleire utforkøyringar og uhell oppmodar politiet at ein avpassar farta etter forholda på vegane", skriv politiet i Møre og Romsdal på twitter klokka 12.48. Berre eitt minutt etterpå tvitar dei igjen. Denne gongen gjeld det ein semitrailer som er køyrd av vegen på E39 i Halsa.

Før på dagen har det vore fleire uforkøyringar, trafikkuhell og trafikkulykker. I Ørsta blei ein bil delt i to like sør for Barstadvik. på føremiddagen. To personar blei bragt til sjukehus med luftambulanse, og det var glatt på staden.

Krasj og utforkøyring

I tillegg til fleire utforkøyringar og ulukkar, har politiet fått melding om underkjølt regn på E39 i Brusdalen.

Valldal måtte ein person til legevakt etter ein kollisjon mellom to bilar, og lom lag på ssame tid blei det meldt om ein bil som hadde køyrt utfor vegenved Valle i Skodje.

Også lengre nord i fylket skjedde fleire uhell i trafikken tidleg måndag, melder politiet i Møre og Romsdal via sin Twitter-konto.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)