Nyslått klima- og miljøminister Ola Elvestuen snakka i føremiddag om havforsuringa som kjem av aukande CO2-nivå, og at mikroplast er ein trussel mot livet i havet. Regjeringa ønskjer ei CO2-avgift også for fiskeflåten.

Etterpå tok både Audun og Jan Ivar Maråk frå Fiskebåt ordet.

– Norske båtar ligg side om side med båtar frå andre nasjonar, sa Jan Ivar Maråk.

– Om ikkje statsråden ser at ei flat CO2-avgift vil svekke fornyingsevna til fiskeflåten, og dermed evna til å nå dei miljømåla vi har satt oss, spurde Audun Maråk.

Forskarar

Ut over dagen skal fleire forskarar frå Havforskingsinstituttet snakke om både menneskeskapte og naturlege klimasvingingar, og kva konsekvensar desse har.

I sin opningstale tok styreleiar Jonny Berfjord trålaren «Remøy» i forsvar. Trålaren vart i fjor tatt i arrest i russisk farvatn på grunn av ein formalfeil. Berfjord håper Norge og Russland vil ta opp dialogen for eit betre fiskerisamarbeid i nord.

Berfjord kom også med eit lite spark til landindustrien, som vil ha endringar i fiskesalslagslova og deltakarlova.

– Like viktig som det som står i den nye regjeringserklæringa, er det som ikkje står. Omkampen om fiskesalslagslova og deltakarlova er ikkje er tema, sa Berfjord.