Kulturministeren kjem til Bygdepride

Kjem til arrangementet 11. mai.

Kulturminister: Trine Skei Grande kjem til Bygdepride i Ørsta og Volda.  Foto: Morten Hjertø

New Articles

Ørsta/Volda Pride skriv på Facebook at kulturminister Trine Skei Grande (V) vil vere til stades under Bygdepride. Kulturdepartementet melder til organisasjonen at «kulturministeren gjerne vil delta under arrangementet 11. mai,» dagen for den store paraden som er planlagt i Volda.

Bygdepride arrangerast i Ørsta og Volda frå 10. til 13. mai.


Klar for å arrangere «Bygdepride» i Ørsta og Volda i mai

– Det blir ein folkefest

Tysdag vart programmet for det komande «Bygdepride» i Ørsta og Volda presentert på Høgskulen i Volda. – Responsen har vore utruleg, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid.