Fellesnemnda i nye Ålesund har kome med si innstilling og er negativ til slik grensejustering ettersom dette vil redusere både land- og havområdet for nye Ålesund.

Kva folket på desse øyane meiner og ynskjer og deira historie er utan betydning.

Det er det geografiske arealet som tel for fellesnemnda.

«Slagkraftig og robust» var parolen for kommunereforma og då er det vel «kjøtvekt og areal» som tel.

Dette gir ei dyster utsikt for den nye kommunen, men ikkje uventa.

Fellesnemnda har ikkje fått med seg den enkle bokstaven om at ei kommune er til for innbyggjarane sin del og ikkje innbyggjarane for kommunen sin del.

Kanskje det mest tragiske er at ordføraren i Sandøy ivrar for å tvinge ein del av eigne innbyggjarar inn i ei kommune dei ikkje er interessert å bli ein del av.