Helse Møre og Romsdal:

No startar den tøffe jobben

Det nye styret i Helse Møre og Romsdal møtest i dag for første gong. På bordet ligg store utfordringar.

Ingve Theodorsen har tatt over som ny styreleiar i helseføretaket.  

New Articles

Fredag er første møtedag for det nye styret i Helse Møre og Romsdal. Eit heil nytt styre får økonomiske utfordringar i fanget, og det er knytt spenning til korleis styret vil følgje opp økonomien i helseføretaket. Trønderen Ingve Theodorsen (64) tek over som styreleiar etter Stein Kinserdal. Sykkylven-rådmann May-Helen Molvær Grimstad tek over som nestleiar etter Petter Bjørdal, og også dei andre eigaroppnemnde styremedlemmane er nye.


Klarer ikkje måla sine

Etter forsiktig optimisme etter januar er Helse Møre og Romsdal tilbake med millionsmell i februar.

 

Rekneskapen i februar viser eit negativt avvik i forhold til budsjettet på 2,5 millionar kroner. Administrerande direktør skriv i styregrunnlaget at han er uroa for utviklinga ein ser i underliggande drift.

«Tala for februar viser at ein ikkje har lukkast å redusere tilsvarande føresetnadane i budsjettet. Det vil bli retta ekstra oppfølging og innsats for å understøtte dei avdelingane som har dei største avvika», heiter det i saksutgreiinga for styret.


Helse Midt-Norge: Leverer altfor svakt innen psykisk helse

Helse Møre og Romsdal og de andre helseforetakene skal rapportere månedlig til Helse Midt-Norge om hvordan det går med satsingen på psykisk helse.

 

Administrerande direktør Espen Remme skal no ha faste månadlege møter med klinikkane for å følge opp at budsjetta blir haldne. Helseføretaket har større inntekter enn budsjettert i februar, men har gått på ein lønns- og pensjonssmell på 6,5 millionar kroner i høve budsjettet.

Sunnmørsposten følgjer møtet utover fredagen.