(Fjordingen): Thor Tenden Transport gjekk saman med fleire andre bedrifter saman om å etablere opplæringskontor for transport og logistikk for om lag 20 år sidan.

– Alle yrkessjåførar er pliktig å gjennomføre yrkessjåførkompetansekurs kvart femte år. Kurset går over fem skuledagar og fører til kursbevis samt at du får påført nødvendig godkjenning på førarkortet, fortel Rolf Olav Tenden.

Kurs i Tenden sine lokale

Stryn er stor innan tungtransport. Difor er lokala til Thor Tenden Transport arena for kursa som går i Stryn.

Denne veka fortalde NRK at Statens vegvesen har avdekt at tre lærarar som driv opplæring av yrkessjåførar har gitt kvarandre status som yrkessjåførar utan sjølv å ha gått på kurs.

Dei tre har i følgje NRK undervisningsansvar ved kvar sine kontor i Trondheim, Førde og Stryn.

– Lova seier at dei som gir slike kurs sjølv skal gå kurs ved ein konkurrerande skule. Det har ikkje skjedd i denne saka, og dei ansvarlege har teke sjølvkritikk. Konsekvensen er tre månaders karantene for å gje kurs. Det er ei kjedeleg sak for alle partar. Det er ekstra ekkelt fordi Opplæringskontoret sjølv har vore knallharde på sjåførane sitt frammøte og respekt for kontrollmyndigheiter. Når dei som skal gi opplæring og utøve regelverket sjølv bryt regelverket, er det langt frå bra, seier Rolf Olav Tenden.

Rykta gjekk

Stryn er eit lite miljø. Etter at det vart kjend at Stryn var ein av stadane med brot på regelverket, har rykta gått både om køyreskular og andre som driv slik verksemd. Også av den grunn meiner Rolf Olav Tenden det er greit å fortelje at saka handlar om Opplæringskontoret for transport og logistikk i Sogn og Fjordane, som hans firma er medeigar i.

– Angrar og tek straffa

Fjordingen har vore i kontakt med dagleg leiar ved kontoret, Rune Apneseth.

Han ønskjer ikkje å utfylle saka vidare i form av noko intervju, men seier det same til Fjordingen som han har sagt til NRK.

– Vi angrar på det vi har gjort. Vi har gjort ein feil i høve forskrifta og tek straffa vår for det. Så stiller vi med blanke ark og går vidare frå 1. august, seier Apneseth til Fjordingen.

Straffa går ut på at dei aktuelle lærarane og opplæringskontora dei er tilknytt mister retten til å drive undervisning i tre månader.

– Gode og viktige kurs

– Kva går dsse kursa ut på?

– Kursa gir ein gjennomgang og oppfrisking av teori, alle lover og reglar som yrkessjåførane skal kunne. I kurset ligg og HMS, førstehjelp, brannberedskap, oppførsel ved tunnelbrann og handlingsplan ved førstemann på ein ulukkesstad. Eg meiner kurset er veldig bra for næringa.

Og registrerer med glede at sjåførar som har vore skeptiske før dei set seg på skulebenken er positive etter å ha gått kursa.

– Dette er og ein sosial arena der sjåførar frå ulike bedrifter møtest som kollegaer og konkurrentar. Det i seg sjølv er ein tilleggsvinst, seier Tenden.

Denne saka stod først på trykk i Fjordingen