Pengane delast ut av kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

- Idrettsstipendet vart første gong delt ut i 2017, og er ei ordning som skal vere med å gje utøvarar og klubbar moglegheit til å utvikle seg vidare og halde fram satsinga si. Det er derfor veldig kjekt å kunne dele ut stipend til to talentfulle ungdomar og til ein aktiv klubb, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Totalt fem mottakarar vert belønna i denne omgang.

- Målet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til unge utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig ønsker ein også å behalde utøvarane så lenge som mogleg i fylket, fortel Krogsæter.

50.000 kroner til Vestnes/Varfjell

Mangekamp-utøvaren Toralv Opsal frå Dimna IL tildelast 40.000 kroner. Hans klubb Dimna IL mottek 10.000 kroner.På kvinnesida går idrettstipendet 2018 til Silje Kippernes. IL Braatt mottek 10.000 kroner som h ennar moderklubb.Klubben som får idrettstipendet i 2018 er Vestnes/Varfjell. I vurderinga heiter det mellom anna at klubben viser god drift, høgt aktivitetsnivå og gode resultat både regionalt, nasjonalt og internasjonalt det siste året.Vestnes/Varfjell mottek 50.000 kroner i klubbstipend.