Næringsministeren:

– Dette er eit fornuftig oppkjøp

– Dette er eit godt oppkjøp som vil styrke den maritime klynga i Norge, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) orienterte onsdag morgen om statens salg av SAS-aksjer. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix 

New Articles

Fredag kom gladnyhenda om at Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Commercial Marine. Staten eig 50,001 prosent av aksjene i Kongsberg Gruppen, og regjeringa bidreg med 2,5 milliarder kroner i oppkjøpet av Rolls-Royce.


Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Marine

Det norske industrikonsernet er blitt enige med Rolls-Royce om å kjøpe marinedivisjonen fra det britiske konsernet for 500 millioner britiske pund.

– For det første så er dette eit godt oppkjøp av Kongsberg Gruppen, som vil styrke den maritime klynga i Norge. Dette er eit fornuftig oppkjøp. Vi ønsker å opprettholde vår andel i Kongsberg Gruppen. Det å skyte inn penger i selskapet gjer at dei kan gjennomføre kjøpet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Langsiktig eigar

Isaksen har vore i møter med ansatte og tillitsvalde i Rolls-Royce. Han trur dei er glade for at det er Kongsberg Gruppen som blir dei nye eigarane.

– Dei har vore interessert i å få inn ein langsiktig eigar, og det får dei no gjennom Kongsberg Gruppen. Dette er ein eigar som vil satse på den maritime klynga i Norge, seier han, og trekk fram at dette er positivt for Møre og Romsdal.

Isaksen meiner dei vil få ei større kraft i marknaden fordi Kongsberg Gruppen allereie er sterke i bransjen frå før av.

Avverger den største frykta

– Dette kjøpet avverger den største frykta om at det skulle kome inn ein eigar som ville stykke opp bedrifta og flytte ut av landet. No er det ein eigar som kjøper for å satse.

Næringsministeren understreker likevel at det kanskje vil kome endringar og omstillingar med ein ny eigar, men det vil ikkje regjeringa blande seg inn i.

– Sjølv om staten er eigar, så driv vi ikkje butikk, seier Isaksen.