(Møre-Nytt): Kjell Hansen frå Statens naturoppsyn har nyleg vore i Ørsta for å sjå til at fiskarane held seg til gjeldande regelverk.

– Det er fiskarane sitt ansvar å sjå til at dei fiskar lovleg eller ikkje. Førebels har vi informert og gitt åtvaring til dei som ikkje held seg til regelverket, men neste steg vert å melde frå til politiet.

Han snakkar generelt. I Ørsta fann han ikkje noko å setje fingeren på denne gongen. Men han veit at det skjer, og dei har stoppa fleire, andre stader i fylket.

– Det er mange som er ute og fiskar frå båt, og dorgar, til stor irritasjon for mange, og ikkje minst for laksen og sjøauren som vi vil skal gå opp i elvane og fullføre syklusen sin.

Forbod

Etter forskriftsendring i 2017 er det forbode å fiske etter laks og sjøaure frå båt i perioden frå og med 15. april til og med 30. september i munningsfredingssoner i Møre og Romsdal.

Likeins er alt fiske med kastenot, snurpenot, drivgarn, settegarn og liknande reiskap, kilenot, krokgarn, botngarn, lakseverp og liknande innretning, i tillegg til oter og dorg, forbode i fredingssona i same tidsrom. Dorg er fiske frå båt i rørsle med handsnøre og fiskestong med reiskap som eignar seg for å fiske laks og sjøaure.

Forbodet i munningsfredingssona gjeld ikkje fiske med stong frå land i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i elver som har utløp i fredingssona.

– Statens naturoppsyn vil følge opp aktiviteten med oppsyn og kontroll både frå land og frå sjø. Ulovleg fiske vil bli politimeldt, seier Hansen.

Han seier vidare at Statens naturoppsyn har forståing for at fritidsfiskarane synest det er vanskeleg å finne ut kva for regelverk som er gjeldande for fritidsfiske. Fylkesmannen arbeider for tida med å lage lett tilgjengeleg informasjon som opplyser om kvar sonene ligg, og regelverket som ligg til grunn.

Denne saken blei først publisert i Møre-Nytt.