(Vikebladet): Berg kunne overbringe helsingar frå Berlin. Både Kristine Haddal (mora til Karsten) og Olav Hansen hadde sendt helsingar heim til Ulsteinvik. Før løpet melde Berg at han hadde tru på at dei skulle få ei triveleg stund i lag, uansett korleis det kom til å gå. - Han Karsten skal springe, det er inge automatikk i dette, han skal over ti hekkar, minna Berg om.

Stemninga i salen var god før løpet. Mange hadde tru på at Karsten kom til å gjere det stort. Stemninga steig nokre hakk kvar gong dei på fjernsynet viste frå Ulsteinvik eller nemnde den lokale helten. Ekstra stor vart stemninga då me fekk sjå eit tilbakeblikk frå denne dagen for eit år sidan, då Karsten Warholm tok VM-gull. Ville han ta gull også i kveld?

Endeleg fekk me sjå Karsten springe, og jammen greidde han å ta gull også i kveld! Etter kvart som Karsten nærma seg målstreken og det vart tydelegare og tydelegare at dette gjekk rette vegen reiste publikum seg i salen og brøla. Rådmann Einar Vik Arset, og fleire med han, retta armane i vêret og ropte høge gledesbrøl.

Ikkje berre greidde 22-åringen frå Dimna IL å ta gull denne kvelden, han sette også ny norsk rekord på 400 meter hekk.

- Det er heilt utruleg! Det er nesten umenneskeleg det han får til. Han er ein utruleg flott type og flink til å dele, kommenterer Trond Berg til Vikebladet Vestposten. Og viser også til at han har ein bra gjeng rundt seg som støttar han.

Berg seier at berre i år har Karsten sprunge 6 løp som er raskare enn då han vann VM i fjor, og me må hugse på at dette er ein verdsidrett med stor konkurranse.

- Gratulerer Karsten, familien hans og heile teamet som har stilt opp gjennom åra som har fått han så god, gratulerte Berg.

Eit perfekt løp

Arve Hatlø, Karsten sin tidlegare trenar, var også til stades i salen og kosa seg.

- Korleis er det å vere Karsten sin tidlegare trenar, og sjå at han vinne både VM og EM? Tenkte du på det at det kunne bli aktuelt då du trena han som ung gut?

- Nei, det er fantastisk å sjå han klarer å levere i dag også. Han presterte eit godt løp også i går. Løpet i kveld var perfekt. Han traff godt på alle hekkane. Han viser det at han greier å ta fram det beste når det gjeld, då blir det gull, kommenterer Hatløy og synest nesten det er uverkeleg at det er Karsten som han trena som nå gjer det så godt internasjonalt.

Hatløy fortel at då Karsten Warholm vart junior verdsmeister som 17-åring tenkte dei at noko slikt fekk dei aldri oppleve igjen, så no var det berre å nyte. Men så skjer det igjen. Og han held berre fram å setje nye rekordar og få den eine medaljen etter den andre.

- Han var den som kødda mest

i salen sit også friidrettsutøvarane Isabella Sundgot (19) og Madelen Gustavsen (17), båe frå Dimna IL.

- Kva betyr det for dykk å sjå ein frå Dimna IL ta gull i EM?

- Det er veldig stort, slår dei fast.

Sundgot fortel at friidrettsmiljøet på Dimna starta veldig smått. Så har dei stadig blitt større. Dei har blitt kjende i Noreg, og no også i verda. Dei hugsar Karsten godt få treningane.

- Karsten var den som kødda mest og han fekk folk med seg. Han viser at ein kan kose seg og ha det artig samtidig som ein presterer, seier Sundgot og trur det at han har evna til å nyte og kose seg gjer at han også når langt.

Gustavsen fortel at ho har kjend EM-meisteren sidan ho var lita. Ho har vakse opp i huset ved sidan av han. Ho fortel at det rører henne å sjå han vinne i kveld. - Ja, eg fekk gåsehud og vart også rørt, legg Sundgot til.

Og det var det nokon mange som vart i kveld.

Saka blei først publisert i Vikebladet.