Fiskar på Giske-trålar omkom

Ein latvisk statsborgar i 40-åra er død etter at han fekk hjarteinfarkt på Giske-trålaren «Nordstar» sist helg.
New Articles

– Det skjedde ca. 140 nautiske mil frå kysten av Troms natt til laurdag, opplyser reiar Tormund Grimstad i Nordnes AS.

Han vart henta med helikopter til Universitetssjukehuset i Tromsø. Etter seks timar fekk rederiet vite at livet ikkje stod til å redde.

– Vi har mista ein god samarbeidspartnar og kollega. Han var tilsett i rederiet i 15 år. Våre tankar går til dei etterlatne, seier Grimstad.