Avlyser Ørskog Bluesfest i 2019

Det blir andre året utan Bluesfest sidan oppstarten i 2011.

Ørskog Blues Club avlyser Ørskog BluesFest 2019. Her er eit stemningsbilete frå 2016.  Foto: Nils Harald Ånstad

New Articles

Det er Bygdebladet som skriv om eit innlegg på Facebook-sida til Ørskog Blues Club, der klubben med tungt hjarte informerer om at styret i klubben ikkje har overskudd og driven til å få  i hamn ein ny festival.

– Vi håper og ønsker at Ørskog Blues Club får dreisen på et klubbmiljø, som igjen kanskje vil dra festivalen vidare inn i framtida. Ørskog Blues Club treng fleire folk og engasjement, så du er du interessert i å halde liv i Ørskog Blues Club, så er du hjarteleg velkomen, skriv klubben.

Det har vore mange kjente artistar på festivalen opp gjennom åra, mellom anna Marit Larsen, Eldar Vågan og Knut Reiersrud.