Vågsøy-firma skal byggje om to ferjer:

Fått kontrakt frå Fjord1

Ferjene MF Storfjord og MF Julsund skal byggjast om. Oppdraget går til Båtbygg AS i Raudeberg i Vågsøy.

Ombygging: Fjord1-ferjene MF Storfjord og MF Julsund skal byggjast om. Båtbygg AS i Vågsøy har fått oppdraget.  Foto: Staale Wattø (arkiv)

New Articles

Ferjene skal byggjast om frå dieselmekanisk framdrift til elektrisk batteridrift. Dei skal også tilpassast nye samband og nytt regelverk, melder Fjordenes Tidende.

– Vi er veldig glade for dette oppdraget, seier administrerande direktør ved Båtbygg, Kjell Inge Sjåstad til avisa.

Oppdraget er verd om lag 70–80 millionar kroner, og syt for drift på verftet i seks månader. Det vil vere om lag hundre arbeidarar på det meste på verftet under ombygginga.