Dette hende i natt:

For full til å kome på flyet – vart arrestert

Ein mann i 40-åra var for full til å få kome om bord på flyet på Vigra fredag kveld. Reisa enda i fyllearresten.

Køyrde utfor vegen: Ein mann i 30-åra køyrde utfor vegen ved Nørvasund i natt. Politiet kom på staden, og det heile enda med at dei melde han å vere i eige av narkotiske stoff og køyring i rusa tilstand.  Foto: Stig Vågnes

New Articles

Klokka 22:05 fredag kveld, fekk politiet melding om mannen som ikkje fekk kome om bord på flyet. Det var starten på ei relativt roleg fredagsnatt, men nokre hendingar måtte politiet hanskast med.

Nokre timar seinare, klokka 01:06, melde trafikantar ifrå om ein bil som hadde køyrt av vegen ved Nørvasund. Politet kom til staden sjølv om det ikkje var meldt om personskadar, og fann ein mann i 20-åra dei melde for køyring i rusa tilstand. Dei fann også noko narkotisk stoff, som mannen vart meldt for.

Politiet møtte også på nokre personar på Blindheim, der ein av dei er meldt for å vere i eige av ei mindre mengd tablettar av ukjent type.

På morgonkvisten, kom det meldingar om vald på Fiskarstranda. Politiet tok med seg ein mann i 30-åra for vald i nære relasjonar mot ei kvinne.

Elles fann dei ein mann som sov på eit busstopp i Røysegata, som dei køyrde heim. På morgonen vart det meld om ein kar hadde sove på ein bensinstasjon, men han gjekk heim sjølv.