Mista lappen etter råkøyring gjennom Kvivstunnelen

Sunnmøring mista sertifikatet etter å ha blitt stoppa i 120 kilometer i timen.

Mista lappen: Politiet tok førarkortet frå ein ung sunnmøring som køyrde alt for fort gjennom Kvivstunnelen fredag kveld.  Foto: BENGT FLATEN (ILLUSTRASJONSFOTO)

New Articles

(Fjordingen): Ein sunnmøring i 20-åra vert fotgjengar dei neste månadene etter å ha blitt stoppa av strynepolitiet fredag kveld. Bilføraren vart målt til 120 km/t.

- Bilføraren vart målt til ein gjennomsnittsfart på 120 km/t gjennom heile Kvivstunnelen. Mannen som sat bak rattet erkjente forholdet og aksepterte førarkortbeslag, opplyser strynepolitiet til Fjordingen. Kvivstunnelen er 6,5 kilometer lang og har fartsgrense 80 km/t.

Saka vart først publisert hjå Fjordingen.